Jondalstunnelen
Jondalstunnelen er ein vegtunnel under utbygging. Tunnelen skal gå frå Nordrepollen i Kvinnherad til Jondal. I samanheng med Folgefonntunnelen vil tunnelen kunna gje grunnlag for Europaveg 134 som stamveg mellom Oslo og Bergen. Vegen vil då bli 100 kilometer kortare enn alternative vegar mellom dei to største byane i Noreg. Ein eigen folkeaksjon vart skipa i 2002 for å arbeida for bygging av tunnelen, og fekk namnet Jondalstunnel Nå. Politikarar i Hardanger arbeidde for å skaffa finansiering til prosjektet og 24. juni 2009 underskreiv Statens vegvesen kontrakt med entreprenøren Kruse Smith AS om bygging av tunnelen.[1] og ein reknar med at vegen vert opna i september 2012. [2]
Tunnelen vert om lag 10 km lang, og prosjektet er rekna å koste om lag 886 millionar kroner.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Statens vegvesens prosjektside for Jondalstunnelen
- Folkeaksjonen "Jondalstunnel nå"
- Jondalstunnelen - Samferdelsdepartementet
- Bergens Tidende: Liten tunnel – stor visjon. Kommentar om Stamveg-alternativa mellom Oslo og Bergen.
[endre] Referansar
- ↑ Statens vegvesen - besøkt 05. mai 2011
- ↑ http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/jondalstunnelen/Nyhetsarkiv/279844.cms Statens Vegvesen oppgjer 1. september 2012 som ein forvente opningsdato.