Josef I av Det tysk-romerske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Josef I
'
Tysk-romersk keisar, konge av romarane, Ungarn og Böhmen
Regjeringstid 23. januar 1690–17. april 1711
Kroning 26. januar 1690, Augsburg
Føregjengar Leopold I
Etterfølgjar Karl VI
Konge av Ungarn
Regjeringstid 9. desember 1687-17. april 1711
Kroning 9. desember 1687, Pressburg
Føregjengar Leopold I
Etterfølgjar Karl VI
Konge av Böhmen
Regjeringstid 5. mai 1705–17. april 1711
Føregjengar Leopold I
Etterfølgjar Karl VI
Tysk-romersk keisar;
Erkehertug av Austerrike;
Konge av Kroatia
Regjeringstid 5. mai 1705–17. april 1711
Føregjengar Leopold I
Etterfølgjar Karl VI
Ektefelle Wilhelmina Amalia av Braunschweig-Lüneburg
Born
Maria Josefa, dronning av Polen
Erkehertug Leopold Joseph
Maria Amalia, tysk-romerske keisarinne
Hus Huset Habsburg
Far Leopold I av Det tysk-romerske riket
Mor Eleonore-Magdalena av Neuburg
Fødd 26. juli 1678
Wien, Austerrike
Død 17. april 1711 (32 år)
Wien, Austerrike

Josef I (26. juli 167817. april 1711)26. juli 167817. april 1711) var keisar av Det tysk-romerske riket i perioden 17051711, konge av Ungarn og Böhmen konge, og erkehertug av Austerrike. Han var den eldste sonen av keisar Leopold I.

Keisar Josef vart fødd i Wien, og den strenge oppsedinga han fekk av prins Dietrich Otto von Salm gjorde han til ein dugeleg lingvist. I 1687 vart han krona til konge av Ungarn, og 6. januar 1699 mottok han krona til Det tysk-romerske riket. Keisaren gifta seg med Amalia Wilhelmine von Braunschweig-Lüneburg og hadde seinare døtrene Maria Josepha og Maria Amalie med henne.

Under heile keisaren si regjeringstid pågjekk den spanske arvefølgjekrigen, der den austerrikske armeen med hjelp frå sine engelske og nederlandske allierte under leiing av prins Eugene av Savoie sigra (slaget ved Oudenaarde i 1708 og slaget ved Malplaquet i 1709).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Josef I av Det tysk-romerske riket