Juan Crisóstomo Arriaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Juan Crisóstomo Arriaga
Juan de Arriaga.jpg
Juan Crisóstomo Arriaga
Verkeleg namn Juan Crisóstomo Jacobo Antonio de Arriaga y Balzola
Fødd 27. januar 1806, Bilbao i Spania
Død 17. januar 1826 (19 år), Paris i Frankrike
Periode Klassisismen
Yrke Komponist

Juan Crisóstomo Jacobo Antonio de Arriaga y Balzola (27. januar 180617. januar  1826) var ein baskisk-spansk komponist. Han vart kalla «den spanske Mozart» etter han døydde, fordi han, som Wolfgang Amadeus Mozart, var eit vidunderbarn og ein dyktig komponist som døydde ung.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Juan Crisóstomo Arriaga vart fødd i Bilbao i Bizkaia, på det som ville ha vore 50-årsdagen til Mozart. Faren og den eldre bror hans lærte han musikk. Han studerte så fiolin under Pierre Baillot, og kontrapunkt og harmoni under François-Joseph Fétis ved Paris Conservatoire. Han var så talentfull at han snart vart ein lærarassistent i klassen til Fétis. Han døydde i Paris, berre 19 år gammal av ein lungesjukdom eller utmatting, kanskje av begge.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Det er ikkje mykje musikk etter Arriaga som har overlevd fram til i dag, sidan han døydde så ung. Av det ein har finn ein:

  • Opera: Arriaga skreiv ein opera, Los esclavos felices («Dei lukkelege slavane»), i 1820 då han vart 13. Denne vart framført med suksess i Bilbao, men berre overturen og nokre små delar av han finst i dag.
  • Symfoni: Arriaga komponert ein Symfoni i D—som nyttar D-dur og d-moll likt, slik at han er i verken den eine eller andre nøkkelen.
  • Strykekvartettar: Arriaga skreiv tre gnistrande og idiomatiske strykekvartettar då han var 18. Desse strykekvartettane er dei einaste verka hans som vart publiserte medan han levde.
  • Andre verk: I tillegg til dei som alt er nemnde skreiv Arriaga:
    • Ein oktett (Nada y Mucho)
    • Noko kyrkjemusikk (ei messe (tapt), Stabat Mater, Salve Regina, Et vitam venturi saeculi (tapt)), kantatar (Agar, Erminia, All' Aurora, Patria, La Hungara)
    • Instrumentalverk (ein nonette, Tres Estudios de Caracter for piano, og mange romansar).
Teatro Arriaga i Bilbao er eit av sentra for augustfestivalen i byen.

Musikken til Arriaga er skildra som «elegant og fullendt og kjend for den harmoniske varmen» (New Grove Concise Dictionary of Music). Det er ikkje noko særskild spansk eller baskisk i musikken til Arriaga. Han er heller internasjonal (europeisk) frå perioden seint i klassisismen frå Mozart til tidleg i romantikken og den unge Beethoven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Juan Crisóstomo Arriaga