Bizkaia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bizkaia i Spania

Bizkaia (spansk Vizcaya) er ein provins nord i Spania i den autonome regionen Baskarland.

Provinsen har kring 1,1 millionar innbyggjarar, og om lag ein tredjedel bur i provinshovudstaden Bilbao og nesten 90 % i storbyområdet kring hovudstaden.

Andre byar i provinsen er Barakaldo, Getxo, Portugalete, Durango, Basauri, Galdakao og Balmaseda. Provinsen har 111 kommunar.

Bizkaia grensar til provinsane Cantabria og Burgos i vest, Guipúzcoa i aust og Álava i sør. I nord ligg Biscayabukta. Orduña (Urduña) er ein eksklave som høyrar til Bizkaia mellom provinsane Alava og Burgos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 43°15′N 2°59′W