Julespel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Julespel frå juleevangeliet ved ein skule i USA.
Foto: Wesley Fryer
For julespel i tydinga juleleikar, sjå juletrefest

Julespel er skodespel framførte i samband med jul. Dei kan ha innhald frå juleevangeliet eller vera knytte til jul på andre måtar. Det er vanleg for skuleungar og andre amatørgrupper å framføra julespel, men dei kan også setjast opp på profesjonelle teater.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Forteljingar frå Nytestatmentet er blitt framførte i kyrkjesamanheng sidan mellomalderen. Den heilage Frans av Assisi er kjend for å ha halde midnattsmesse julaftan 1223 i Greccio framfor ein julekrybbe med levande dyr, noko som er blitt kalla det første julespelet.

I ulike land flytta skodespela ut av kyrkja, til dømes som gjetarspel (pastorelas) i Spania eller som dokketeater i Belgia. Medan gjetarspela, som skildrar gjetarane si ferd til det nyfødde jesusbarnet, gjekk av moten i Spania, er dei blitt vidareutvikla med apokryfe og anakronistiske hendingar, klovning og lokale tradisjonar i Latin-Amerika. Samstundes finn ein døme på at det framleis blir halde julespel i kyrkja, som i den tyske barnemessa Weihnachtsgeschichte på julaftan.

Julespel er ofte ein del av juleavsluttinga ved mange skular. Medan skodespelet i mange høve har vore eit krybbespel, er det i nyare tider også blitt vanleg å setja opp eit anna stykke knytt til jula.[1] Denne tendensen er blitt kontroversiell i Storbritannia, der han er blitt sett i samanheng med ein auke i ikkje-kristne elevar, og nokre kommentatorar ser på han som eit trugsmål mot britisk kultur.[2]

Kjende julespel[endre | endre wikiteksten]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.