Juletrefest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gonge rundt juletreet i Folkets Hus i Oslo i 1969. Juletrefest i regi av Oslo stein-, jord- og sementarbeideres forening.
Foto: Leif Ørnelund, Byhistorisk samling, Oslo Museum.

Juletrefest er ein (oftast offentleg) fest som vert halden i jula med gang rundt juletreet som eit sentralt innslag.

Juletrefestar vert haldne i romjula eller på nyåret. Trettandedagen er mange stader ein dag for tradisjonelle juletrefestar. Skikken med juletrefestar vart utbreidd rundt førre hundreårsskifte. Den første tida stod ofte lærarane for stellet, i samarbeid med bygdefolket. Skulehusa vart ofte bruka til lokale for juletrefesten.

Vanlege innslag på ein tradisjonell juletrefest er servering av kaffi, brus og julekaker, vidare leikar eller konkurransar, juletregang og synging av julesongar, og besøk av julenissen som deler ut godteposar til barna.

Ved gangen rundt juletreet vert det gjerne nytta julesongar frå salmeboka, som Eg er så glad kvar julekveld og Her kjem me, dine arme små, andre songar som tek opp det kristne julebodskapen, som Du grøne, glitrande tre og å, jul med di gleda og verdslege songleikar som Så går vi rundt om en enebærbusk eller Eg gjekk meg over sjø og land.

kristelege juletrefestar er det ofte ein andakt, andre lag kan setje opp eit lite skodespel.

Tradisjonelt juletrefestprogram[endre | endre wikiteksten]

I mellomkrigstida var det ofte lærarane som organiserte juletrefesten. Juletrefesten byrja om ettermiddagen og kunne halde på til langt på kveld. Eit tradisjonelt program i Vefsn kunne sjå slik ut:

  1. Gang rundt juletreet
  2. Skolebarna framførte innøvde spelstykke, gjerne dramatiserte eventyr, dei las opp småstykke og hadde andre morosame innslag
  3. Det vart servert julemat, kaffi eller kakao
  4. Nissen kom med ein sekk med appelsinar og andre godsaker
  5. Så heldt dei fram med julspel-leikar
  6. Utpå kvelden kunne ungdommen halde fram med folkeviseleik

Julespel[endre | endre wikiteksten]

Juletrefesten har ein forløpar i det tradisjonellet julespelet, ei samling for barn og vaksne i bygda, der dei laga i stand spel (i tydinga leikar) for barn og ungdom. Julespela er leikar som kan ha tradisjon langt att i tida.

Det var spesielt i mellomjula (tida mellom julhelga og nyårshelga) at det vart gjort julespel (eller julspell). Ungdom møttest i gardane for leik, dans og gjetting av gåter.

Tradisjonelle julspell på Helgeland har vore:

  • panteleikar som «å selje lerret», «å selje oks'kjøtt», «å selje grisar»
  • «å sitje på forundringsstolen», «å leggje i va'sekken»
  • «å fri på narr»
  • «kviskreleik», «fire ord i øyra»
  • «kva vart sagt på byllupsnatta»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Reidar Svare: Frå gamal tid, Vefsn bygdebok særbind II
  • Sverre Mogård-Larsen (1997) Leik- og Sangtradisjon på Helgelandfra 1. halvdel av 1900-tallet ISBN 82-7866-004-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]