Kaiserslautern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaiserslautern
Utsyn frå rådhuset i Kaiserslautern.
Utsyn frå rådhuset i Kaiserslautern.
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Kaiserslautern
Kaiserslautern is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Rheinland-Pfalz
Ingen
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

139,72 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

98 044
  702/km²
Koordinatar 49°27′0″N 7°46′0″EKoordinatar: 49°27′0″N 7°46′0″E
Høgd over havet 245 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 67601-67663
Telefon-retningsnummer 0631, 06301
Bilnummer KL
Heimeside: www.kaiserslautern.de

Kaiserslautern er ein by sørvest i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 100 000 innbyggjarar. Byen ligg ved utkanten av Pfälzer Wald, og det historiske sentrumet går tilbake til 800-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har vore busetnadar i området rundt Kaiserslautern tilbake til minst 800 fvt. Det er funne 2 500 år gamle keltiske graver ved Miesau, ein by om lag 29 km vest for Kaiserslautern. Lekamane ein har funne er no i eit museum i Speyer.

Kaiserslautern fekk det noverande namnet sitt frå keisar Fredrik I av Det tysk-romerske riket1100-talet, som likte svært godt å dra på jakt i området. Ei øy i den litle elva Lauter utgjorde den eldste delen av Kaiserslautern i mellomalderen. Ruinar av det opphavlege slottet bygd av Fredrik I i 1152–1160 kan ein framleis sjå føre rådhuset. Eit anna slott, Nanstein, vart bygd ved Landstuhl for å halde vakt over den vestlege innfartsåra til byen. På grunn av påverknaden Fredrik I, eller Fredrik Barbarossa, hadde på byen vart han òg kalla Barbarossabyen.

Stiftkirche, den eldste kyrkja i Kaiserslautern, vart reist frå 1250 til 1350. Etter kvart som byen voks, gav Kong Rudolf von Habsburg byen byrettar i 1276. St. Martin's Kirche vart bygd frå 1300 til 1350. I dag ligg ein del av den opphavlege bymuren utanfor kyrkja.

I 1375 vart Kaiserslautern ein del av Wittelsbach. I 1519 tok Franz von Sickingen over Nanstein Slott. Byen vart protestantisk like etter. Sickingen og dei lokale adelsmennene start ein kamp mot erkebiskopen av Trier, men åtaket feila og dei trekte seg tilbake til Nanstein. Nanstein vart så omleira av tyske katolske fyrstar med kanonar. Sickingen døydde etter at slottet overgav seg og området kom under dei katolske fyrstane.

Greve av Pfalz, Johann Casimir, kom til Kaiserslautern under trettiårskrigen (1618–1648). Spanjolane okkuperte byen i 1621–1632 enda då protestantiske svenskar frigjorde området. I 1635 kom derimot dei nådelause kroatiske troppane til den austerrikske keisaren til Kaiserslautern og tok livet av 3 000-3 200 innbyggjarar i løpet av tre dagar. Det tok Kaiserslautern 160 år før innbyggjartalet var oppe på same nivå igjen.

Problema enda ikkje med freden i Westfalen i 1648. Kurfyrsten av Pfalz hadde store vanskar i området sitt og gav ordre om at alle slott, inkludert Nanstein, skulle rivast ned. Frankrike invaderte området fleire gongar og haldt seg i Kaiserslautern i 1686–1697, før det gjekk tilbake til Pfalz. Under dei urolege tidene på 1700-talet var Pfalz stadig åstad for franske og tyske troppar frå forskjellige statar. I 1713 øydela franskemenna Barbarossa sitt slott og tårna i bymuren. Frå 1793 til 1815 var området rundt fransk styre.

Kaiserslautern og Pfalz var ein del av provinsen Bayern frå 1815 til 1918. Etter den første verdskrigen okkuperte franske troppar igjen Pfalz i fleire år.

Under den andre verdskrigen vart meir enn 60 % av Kaiserslautern øydelagd under allierte bombetokt. Jernbanen og fleire hovudvegar var hovudmåla. Dei kraftigaste åtaka kom 7. januar, 11. august og 22. september 1944. Av 20 000 heimar vart 11 000 øydelagd eller skada. Lite vart bygd opp at før 1948.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kaiserslautern

Kjelder[endre | endre wikiteksten]