Kjetting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjetting
Ankerkjetting

Kjetting er ei fleksibel kjede av ovale metallringar som går gjennom kvarandre. Det finst mange ulike former av kjetting, frå tynne kjettinglenkjer som fester toppa i ein vask til tjukke ankerkjettingarskip.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Kjettinga stammar frå bronsealderen, då tynne kjettingar vart nytta til smykkekjede. Grekarane var òg opptekne av kjetting [1] og i skissene til Leonardo da Vinci førekjem kjettingar ofte. Ringbrynjene frå mellomalderen kan sjåast på ein ein slags todimensjonal kjetting. I 1634 fekk engelskmannen P. White innvilga eit patent på ein ankerkjetting av jarn. I tida før ståltau vart produsert industrielt vart kjetting nytta i kraner, gravemaskinar, og liknande. Nokre typar kjetting vert kalla kjede, som til dømes urkjede og halskjede.

Nokre bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Snøkjetting på personbil
Kjetting som sykkellås
  • Ankerkjetting vert nytta til å festa ankeret på skip og oljeplattformer. Kjetting er både sterk og fleksibel og høver godt til dette føremålet. Han er dessutan robust og tek ikkje så lett skade om han vert dregen over skarpe kantar på stein eller andre undersjøiske gjenstandar.
  • Kjetting vert nytta for å gjorda tømmer og anna last på lastebilar. I dag vert det òg i stor grad nytta fleksible band for å sikra last, men desse er ikkje så robuste mot skade som kjetting.
  • I skogbruket vert det nytta ståltauvinsjar og kabelkraner, men for å festa tømmeret til ståltauet vert det nytta kjetting. Ståltau tek lett skade når det vart bøygd for skarpt og drege over stein og grus, men kjetting er robust nok til å tola slike påkjenningar.
  • Hjulkjetting vert nytta utanpå gummidekk for å auka veggrepet eller for å beskytta dekka. Før piggdekka kom i Noreg var det vanleg å nytta kjetting på personbilar på vinterføre. I dag brukar personbilar i Noreg berre kjetting viss ein skal køyre på bratte snø-/isdekte vegar, til dømes fjell- og hyttevegar. I nokre land, som til dømes Frankrike, vert det ikkje nytta vinterdekk og det er påbod om å nytta snøkjetting når det er snøføre. I dei franske Alpane gjennomfører politiet av og til kontrollar av dette påbodet. På lastebilar er det framleis vanleg å nytta kjetting på vinterføre. Men ved stor fart vert kjettingen fort utsliten, så dei vert berre nytta når det er naudsynt for å koma opp eller ned bratte bakkar. På traktorar er det vanleg å nytta kjetting på vinteren, spesielt når traktoren vert nytta til tømmerkøyring, brøyting, og liknande. På skogsmaskiner er vert det ofte nytta kjetting på nokre eller alle hjula på vinterføre, men òg på sumaren om det er bratt og sleipt. På anleggsmaskiner, som hjullastarar nyttar ein ofte kjetting for å beskytta dekka mot skarp skotestein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. von Byzanz, P., Μηχανικὴ Σύνταξις (mekaniske lover).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]