Karlskrona kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karlskrona kommun
Karlskrona vapen.svg
Kommunevåpenet til Karlskrona kommun
Len Blekinge län
Landskap Blekinge
Centralort Karlskrona
Areal 1 075,67 km²
 – Landareal 1 046,89 km²
 – Vassareal 28,78 km²
Folketal 61 844
Folketettleik 59,1/km²
Kommunenummer 1080
Nettside www.karlskrona.se
Kart
Karlskrona Municipality in Blekinge County.png

Karlskrona kommune er ein kommune i Blekinge län i Sverige. Kommunen grensar i nord til Emmaboda kommun og Torsås kommun i Kalmar län, samt til Ronneby kommun i Blekinge i vest. Sør for Karlskrona ligg Ringö, ei halvøy med om lag 500 innbyggjarar. Administrasjonssenteret i kommunen er Karlskrona.

I kommunen finn ein skjergard i sør. Nord for denne ligg det eit eit platålandskap med sprekkedalar, dei fleste i retning nord–sør. Av industri kan det nemnast at det ligg eit stort fiskemottak på Saltö.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Karlskrona kommun har ein svært komplisert inndelingshistorikk frå kommunalforordningane tredde i kraft i 1863 og fram til inndelinga vart slik ho er i dag, i 1974. Ved århundreskiftet i 1900 var området samansett av, forutan Karlskrona stad, 14 landskommunar og ein municipalköping. Ein del av desse hadde vorte grunnlagde gjennom delingar i 1888. I år 1925 vart kommunen Hasslö og Aspö delt i to, altså Hasslö og Aspö kvar for seg.

I 1934 vart ein del av Augerums landskommun innlemma i Karlskrona stad, og på same tid vart municipalsamhället Långö frå 1908 oppløyst. Ved kommunereforma i 1952 vart desse storkommunane grunnlagde: Lyckeby (av kommunane Augerum og Lösen), Jämjö (av kommunane Jämjö og Torhamn, samt Kristianopels municipalköping), Fridlevstad (av Fridlevstad og Sillhövda), medan det ikkje vart forandringar for Tving, Nättraby, Sturkö, Ramdala, Hasslö og Rödeby. Aspö og Tjurkö vart innlemma i Karlskrona stad.

I 1963 vart Tving innlemma i Fridlevstad og Ramdala i Jämjö. I 1967 vart Lyckeby innlemma i Karlskrona stad. I 1971 vart einskapleg kommunetype innførd utan samanslåingar. Men i 1974 gjekk Jämjö og Fridlevstad inn i Karlskrona, og Karlskrona kommun fekk dermed si noverande form.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På blå bakgrunn, eit anker krona med ei kongekrone, og med kong Karl XI sitt spegelmonogram lagt oppå, alt av gull.[1]

Karlskrona stad hadde både namn og våpenskjoldmotiv etter grunnleggjaren sin. Det var opphavleg eit segl, men vartbrukt som våpen. Etter den langdryge kommunesamanslåinga, som var ferdig i 1974, vart våpenet same år registrert i Patent- och registreringsverket for Karlskrona kommun. Av dei tidlegare einingane som no inngjekk i kommunen, hadde Fridlevstad, Jämjö, Lyckeby og Nättraby hatt våpen, og desse vart ugyldige.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er 18 tettstader i Karlskrona kommun. Ein mindre del av tettstaden Brömsebro ligg i Torsås kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1 Karlskrona 32 606
2 Rödeby 3 356
3 Nättraby 3 053
4 Jämjö 2 596
5 Hasslö 1 643
6 Sturkö 1 293
7 Fridlevstad 697
8 Tving 477
9 Torhamn 473
10 Spjutsbygd 422
11 Fågelmara 398
12 Skavkulla och Skillingenäs 380
13 Holmsjö 347
14 Drottningskär 328
15 Gängletorp 276
16 Kättilsmåla 238
17 Nävragöl 229
18 Brömsebro 213

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. «I blått fält ett med kunglig krona krönt ankare, överlagt med konung Karl XI:s spegelmonogram, allt av guld».