Olofströms kommun
| Olofströms kommun | |
Kommunevåpenet til Olofströms kommun |
|
| Len | Blekinge län |
| Landskap | Blekinge |
| Centralort | Olofström |
| Areal | 415,43 km² |
| – Landareal | 391,9 km² |
| – Vassareal | 23,53 km² |
| Folketal | 13 167 |
| Folketettleik | 34,1/km² |
| Kommunenummer | 1060 |
| Nettside | www.olofstrom.se |
| Kart | |
|---|---|
Olofströms kommune er ein kommune i Blekinge län i Sverige. Kommunen grensar til to andre kommunar i Blekinge län, Sölvesborgs kommun og Karlshamns kommun, høvesvis i sør og aust. Han grensar også til tre kommunar i Skåne län, Osby kommun og Kristianstads kommun i vest og Bromölla kommun i sør. I nord grensar han til Tingsryds kommun og Älmhults kommun i Kronobergs län. Administrasjonssenteret i kommunen er Olofström.
Olofström har mykje skog, mange vatn og mange myrar. Næringslivet i kommunen er dominert av industriverksemder.
Innhaldsliste |
Administrativ historikk [endre]
16. oktober 1863 braut kommunen Kyrkhult ut av Jämshög. I 1941 braut Olofströms köping ut av Jämshögs kommun. I 1966 vart alle sameinte att under namnet Olofström (framleis köping fram til kommunereforma i 1971 då einskapleg kommunetype vart innførd og Olofströms kommun vart grunnlagd.)
Kommunevåpenet [endre]
Blasonering: På gullfarga bakgrunn, ein ståande svart hammar, omgjeven av elleve svarte sirklar i runding.[1]
Våpenet vart laga for Olofströms köping i 1950. Hammaren kjem frå seglet til Villands härad og sirklane frå eit jernverksstempel. Begge dei andre kommunane som hadde vorte innlemma i kommunen hadde også våpen. Men det var våpenet til den tidlegare köpingen som i 1974 vart registrert for Olofströms kommun i Patent- och registreringsverket.
Tettstader [endre]
Det er fem tettstader i Olofströms kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
| Nr. | Tettstad | Folketal |
|---|---|---|
| 1 | Olofström | 7 425 |
| 2 | Jämshög | 1 605 |
| 3 | Kyrkhult | 1 016 |
| 4 | Vilshult | 327 |
| 5 | Gränum | 208 |
Kjelder [endre]
- Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Olofströms kommun» på Wikipedia på svensk.
- «Olofström» på Store Norske Leksikon.
Fotnote [endre]
- ↑ «I fält av guld en stolpvis ställd svart smideshammare, omgiven av elva i cirkel ordnade svarta rundlar.».
|
|
||
|---|---|---|
| Karlshamn · Karlskrona · Olofström · Ronneby · Sölvesborg | ||
| Sjå òg: Liste over Sveriges kommunar | ||