Ronneby kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ronneby kommun
Ronneby vapen.svg
Kommunevåpenet til Ronneby kommun
Len Blekinge län
Landskap Blekinge
Centralort Ronneby
Areal 866,03 km²
 – Landareal 829,8 km²
 – Vassareal 36,23 km²
Folketal 28 443
Folketettleik 34,3/km²
Kommunenummer 1081
Nettside www.ronneby.se
Kart
Ronneby Municipality in Blekinge County.png

Ronneby kommune er ein kommune i Blekinge län i Sverige. Kommunen grensar til to andre kommunar i Blekinge län, Karlshamns kommun i vest og Karlskrona kommun i aust. Han grensar også til to kommunar i nord, Tingsryds kommun i Kronobergs län og Emmaboda kommun i Kalmar län. Administrasjonssenteret er Ronneby.

Ronneby kommune har også ein liten eksklave i Karlskrona kommun som har nokre få byar (Skillingsboda, Lönnemåla og Stora Lönnemåla), samt storparten av innsjøane Stora Skälen og Långasjön.

Den nordlege delen av kommunen har mykje skog, medan den sørlege delen har eit sletteområde som strekkjer seg ut til skjergarden. Næringslivet er dominert av tenestesektoren, og IT-sektoren har også vokse dei siste åra.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Då dei svenske kommunalforordningane tredde i kraft i 1863 var området samansett av Ronneby köping, samt ein del sokn. I 1870 vart Eringsboda kommun grunnlagd gjennom utbryting frå Tving. Köpingen Ronneby vart by i år 1882.

Ved kommunereforma 1952 vart det oppretta «storkommunar». Desse var: Hallabro (av dei tidlegare kommunane Backaryd og Öljehult), Tving (av Eringsboda og Tving), Listerby (av dei tidlegare kommunane Edestad, Förkärla, Hjortsberga og Listerby). Bräkne-Hoby og Ronneby landskommun heldt fram utan endringar.

I samband med kommunereforma i 1971 vart desse einingane planlagt samanslåtte. Allereie i 1963 hadde Kallinge landskommun vorte oppretta gjennom samanslåing av Hallabro, Tving og Ronneby landskommunar. I 1967 vart Bräkne-Hoby, Kallinge og Listerby innlemma i Ronneby stad. Kommunen fekk altså si noverande form allereie fire år før han vart Ronneby kommun i samband med at einskapleg kommunetype vart innførd i 1971.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: Eit blått skjold delt av eit band med ein sølvstraum. I det øvre feltet ei sekstagga stjerna og i det nedre ein nymåne, begge også i sølv.[1]

Ronneby hadde tidleg vore by, men mista privilegium då Karlskrona vart grunnlagd. I 1882 vart Ronneby by på nytt, og våpenet vart fastsett året etter. Etter kommunegrunnlegginga vart byvåpenet uforandra valt til våpen for den nye kommunen og det ikkje-fastsette våpenet til Listerby gjekk ut av bruk. I 1974 vart våpenet registrert i Patent- och registreringsverket, merkeleg nok med stavinga frå 1883.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Panorama over Ronneby
Jarnbanestasjonen i Johannishus

Det er ni tettstader i Ronneby kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1 Ronneby 11 767
2 Kallinge 4 767
3 Bräkne-Hoby 1 769
4 Johannishus 773
5 Listerby 672
6 Ronnebyhamn 464
7 Backaryd 399
8 Eringsboda 340
9 Hallabro 252

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. «En blå sköld bandevis delad af en silfverström. I det öfre fältet en sexuddig stjärna och i det nedre en nymåne, båda likaledes af silfver».