Rodópi
| Periferieininga Rodópi Περιφερειακή ενότητα Ροδόπης |
|
|---|---|
|
|
| Periferi | Aust-Makedonía og Thráki |
| Hovudstad | Komotiní |
| Folketal | 112 039 (2011) Rangering 31. |
| Areal | 2 543 km² Rangering 24. |
| Folketettleik | 44/km² |
| Kommunar | 4 |
| Postnummer | 69x xx |
| Retningsnummer | 255x0 |
| Bilnummer | KO |
Periferieininga Rodópi (gresk Περιφερειακή ενότητα Ροδόπης, Periferiakí enótita Rodópis) er ei periferieining i Hellas og ligg i periferien Aust-Makedonía og Thráki.
Fjella Papíkio dekkjer dei nordlege områda. Dei er ein del av Rodopifjella, som periferieininga er kalla opp etter. Periferieininga grensar til Xánthi i vest, til Évros i aust og til Bulgaria i nord. Fjellområde dekkjer nordlege og austlege delar. Resten av området er hovudsakleg jordbruksland, inkludert skogar og grassletter.
Hovudstaden i periferieininga er byen Komotiní. Den nest største byen i periferieininga er Sápes.
Klima [endre]
Periferieininga har hovudsaleg middelhavsklima i sørlege og sentrale område. I nord og i høgareliggande strøk har ein derimot hovudsakleg kontinentalklima med kalde vintrar.
Administrativ inndeling [endre]
Tidlegare var Rodópi eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.
| Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
Postnummer | Retningsnr |
|---|---|---|---|---|
| Rodópi | Íasmos | Íasmos | 692 00 | 25340-2 |
| Sóstis | 692 00 | 25310-5 | ||
| Amaxádes | 692 00 | 25340-3 | ||
| Komotiní | Komotiní | 691 00 | 25310-2 | |
| Égiros | 691 00 | 25310-9 | ||
| Néo Sidirokhóri | 691 00 | 25310-5 | ||
| Marónia-Sápes | Marónia | 694 00 | 25330-2 | |
| Sápes | 693 00 | 23520-2 | ||
| Arrianá | Arrianá | 693 00 | 25320-3 | |
| Fillýra | 691 00 | 25320-4 | ||
| Orgáni | 695 00 | 25310-3 | ||
| Kékhros | 693 00 | 23510-3 |
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Rhodopi Prefecture frå Engelsk Wikipedia .
