Alexandroúpoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexandroupoli er óg det greske namnet på byen Gjumri i Armenia.
Alexandroúpoli
Lokalt namn: Αλεξανδρούπολη
Fyrtårnet i sentrum av Alexandroúpoli
Fyrtårnet i sentrum av Alexandroúpoli
Geografi
2011 Dimos Alexandroupolis.svg
Stad Thráki
Koordinatar 40°51′N 25°52′EKoordinatar: 40°51′N 25°52′E
Areal 1220,0 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Aust-Makedonía og Thráki
Évros
Hovudsete Alexandroúpoli (57 812 innb.)
Demografi
Folketal 72 959 (2011)
Folketettleik 60,0 /km²

Alexandroúpoli (gresk Αλεξανδρούπολη, tyrkisk Dedeağaç) er ein by i periferieininga Évros, der han er hovudstad, i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas. Han er sete i kommunen med same namn.

Alexandroúpoli ligg om lag 14,5 km vest for deltaet til elva Évros (Maritsa), 40 km frå grensa til Tyrkia, 300 km frå Thessaloníki og 750 km frå Aten. Rundt byen finn ein små fiskelandsbyar som Mákri og Díkella i vest, medan forstadane Ánthia, Arístino, Nípsa, Loutrós ligg i aust og Pyléa, Ávandas, Aisými og Kírki ligg i nord.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har ei historie som berre går tilbake til 1800-talet. Ein liten busetnad utvikla seg langs jernbanelinja mellom Istanbul og dei store byane i Makedonia. Dette var ein del av arbeidet som vart gjort for å modernisere Det osmanske riket og vart utført av ingeniørar frå Austerrike-Ungarn. Busetnaden voks raskt til ein fiskelandsby, som hadde namnet Dedeagatch.

Den russisk-tyrkiske krigen[endre | endre wikiteksten]

Dedeagatch vart erobra av hæren til Russland under den siste russisk-tyrkiske krigen i 1877-1878. Offiserane til styrkane som inntok byen utførte noko byplanlegging med vekt på breie gater, slik at troppane raskt kunne flytte seg gjennom byen. Byen kom under osmansk kontroll igjen etter krigen, men den korte tida under russarane sette sitt preg på bybilete og gatene i Alexandroúpoli.

Balkankrigen[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av ein jernbanestasjon i Dedeagatch førte til at tettstaden utvikla seg til ein by og eit mindre handelssentrum mot slutten av hundreåret. Byen vart sete for ein Pasha med administrative oppgåver. Osmanarane hadde kontroll over byen fram til balkankrigane. 8. november 1912 vart Dedeagatch og stasjonen erobra av bulgarske troppar med assistane frå den greske hæren. Bulgaria og Hellas var allierte under den første balkankrigen, men motstandarar under den andre. Dedeagatch vart erobra av den greske hæren 11. juli 1913, men det varte ikkje lenge. Bucharesttraktaten i 1913 avgjorde at Dedeagatch skulle gå tilbake til Bulgaria i lag med resten av Vest-Thráki.

Den første verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Bulgaria tapte for dei allierte under den første verdskrigen (1914 - 1918). Etter Neuillytraktaten i 1919 vart Vest-Thraki avstått til Hellas, men Bulgaria fekk rettar til å nytte hamna i Dedeagatch til å transportere varer gjennom Egearhavet. Overføringa til Hellas skjedde 14. mai 1920. Byen vart like etter vitja av Alexander I av Hellas med stor feiring. Han var den første kongen av Hellas som vitja byen, som vart kalla opp etter han.

Den gresk-tyrkiske krigen[endre | endre wikiteksten]

Etter det greske tapet under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 trekte den greske hæren frå Aust-Thrakia seg tilbake til Alexandroúpoli under general Theodoros Pangalos si leiing. Bulgaria nytta sjansen til å krevje at Alexandroúpoli anten skulle returnerast til Bulgaria eller gjerast om til ei nøytral sone under internasjonal kontroll. Begge krava vart avvist av dei greske styresmaktene og vart heller ikkje støtta av Folkeforbundet.

Lausannetraktaten (24. juli 1923) stadfesta at Vest-Thraki og Alexandroúpoli framleis skulle vera under gresk kontroll. Den tidlegare avtalen som tillèt Bulgaria å nytte hamna i byen var utgått og den greske statsministeren Stylianos Gonatas gav bulgarane tilbod om å fornye avtalen for å betre forholdet mellom dei to landa. Bulgaria takka derimot nei til avtalen.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Bulgaria nytta alliansen sin med Nazi-Tyskland til å ta tilbake kontrollen over Vest-Thraki under den andre verdskrigen. Alexandroúpoli var okkupert av Bulgaria mellom mai 1941 og 1945. Byen fekk store øydeleggingar og mista mange av innbyggjarane, men vart ikkje like hardt råka av den greske borgarkrigen (1946 - 1949). Styrkane til kommunistane i området var for små og for spreidd og området slapp store trefningar.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kart over kommunaleiningane i kommunen Alexandroúpoli. ██ Alexandroúpoli ██ Traianoúpoli ██ Féres

Frå 2011 omfattar kommunen òg dei tidlegare kommunane Traianoúpoli og Féres. Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Den tidlegare kommunen Alexandroúpoli, no kommunaleininga Alexandroúpoli

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]