Kehl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kehl
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Kehl
Kehl is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Freiburg
Ortenaukreis
Geografi
Flatevidd
 - By

75.06 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)

33991
Koordinatar 48°34′″N 7°49′″EKoordinatar: 48°34′″N 7°49′″E
Høgd over havet 139 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 77694
Telefon-retningsnummer 07851, 07854, 07853
Bilnummer OG, KEL, LR, WOL
Heimeside: www.kehl.de

Kehl er ein by sørvest i Tyskland i Ortenaukreis i Baden-Württemberg. Han ligg ved elva Rhinen, like ovanfor den franske byen Strasbourg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen Kehl vart første gong nemnd i 1038. I 1338 vart den første permanente brua mellom Kehl og Strasbourg opna. I 1678 vart byen erobra av Frankrike, og han vart rekna som ein del av forsvarsverket til Strasbourg. Landsbyen vart derfor omgjort til ei festning i 1683 av den franske arkitekten Vauban. Annekteringa av byen og området kring til Frankrike vart anerkjend med freden i Ryswick i 1697, men gjeve attende til Det tysk-romerske riket og markgrevskapet Baden året etter.

I 1774 fekk Kehl tyske byrettar av markgreve Karl Fredrik av Baden. Under den store franske krigen vart Kehl igjen slått saman med Strasbourg under Den første franske republikken, før han vart gjeven attende til Baden (no eit kurfyrstedøme) i 1803. Etter ei kort tid under Austerrike, vart byen endeleg gjeven attende til Baden (no eit storhertugdøme) i 1815 og festninga vart riven ned.

I 1840-åra kom den første jernbanen til byen og i 1861 vart den første jernbanebrua bygd og det første direkte sambandet mellom Paris og Wien gjekk her.

Etter den første verdskrigen og Versaillestraktaten vart hamna i Kehl plassert under fransk administrasjon dei neste sju åra, for å hindre eit mogeleg tysk åtak mot den franske byen Strasbourg på den andre sida.[1]

Under den andre verdskrigen, etter slaget om Frankrike, vart Kehl omgjort til ein forstad av Strasbourg. Etter krigen vart alle innbyggjarane drivne ut av Kehl og det vart verande slik fram til 1953, då byen vart gjeven attende til Vest-Tyskland og flyktningane kunne vende heim att.

I 2009 vart NATO-toppmøtet i Tyskland og Frankrike halden i Strasbourg og Kehl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Wikisource link to Part III». Treaty of Versailles. Wikisource. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kehl