Khersónisos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Khersónisos
Panorama of the Port of Hersonisos.jpg
Plassering
Khersónisos is located in Hellas<div style="position: absolute; top: Feil i uttrykket: Operand for * manglar%; left: -176.9%; height: 0; width: 0; margin: 0; padding: 0;">
Styresmakter
Land
Periferi
Periferieining
Hellas Hellas
Kreta
Iráklio
Ordførar Zacharias Doxastakis
Geografi
Flatevidd
 - By

km²
Innbyggjarar
 - By

Diverse annan informasjon

Khersónisos (gresk Χερσόνησος) er ein by og kommune nord på Kreta i Hellas. Byen ligg om lag 25 kilometer aust for Iráklio og vest for Ájos Nikólaos. Det som til vanleg vert kalla Khersónisos er berre halvøya og hamnen. Khersónisos er ein del av periferieininga Iráklio, og ligg 25 kilometer frå Iráklio internasjonale lufthamn, Níkos Kazantzákis og 27 kilometer frå Iráklio hamn. Kommunesenteret ligg i landsbyen Gournes.[1]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Khersónisos er retta mot reiselivsnæringa, og er ein populær stad for nederlandske, irske, serbiske og tyske statsborgarar. I nærleiken av hamnen ligg fleire nederlandske snackbarar og irske pubar.[2] På austsida er store hotell og Star Beach med mellom anna barar, symjebasseng, spel og go-kart. I hovudgata er det mange souvenirbutikkar samt andre butikkar og restaurantar. Khersónisos har òg eit lite akvarium kalla Aquaworld Aquarium, der dei har fisk og andre sjødyr frå havet utanfor Khersónisos.[3] Lychnostatis Open Air Museum er ein rekreaksjon av ein tradisjonell kretisk landsby.[4] I tillegg er nattelivet viktig, og byen har diskotek, nattklubbar, barar og pubar. Byen har òg strender.

Som mange lokalsamfunn på Kreta er den lokale økonomien ikkje berre basert på turisme, men òg landbruk. Om hausten, då dei fleste turistane er vekke, tener mange penger på å hauste oliven.

Populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Den nederlandske versjonen av den amerikanske fjernsynsserien Jersey Shore vart spelt inn i Khersónisos. Serien er kalla Oh Oh Cherso og handlar om ei gruppe unge menneske frå Haag som er på ferie i Khersónisos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]