Gávdos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gávdos
Lokalt namn: Γαύδος
Stranda Potamós på Gávdos
Stranda Potamós på Gávdos
Geografi
2011 Dimos Gavdou.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 34°50′N 24°05′EKoordinatar: 34°50′N 24°05′E
Øygruppe Kreta
Areal 33,0 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kreta
Khaniá
Største busetnad Kastrí (37 innb.)
Demografi
Folketal 152 (2011[1])
Folketettleik 4,7 /km²

Gávdos (gresk Γαύδος) er den sørlegaste øya i Hellas, like sør for den store naboøya Kreta, som ho administrativt er ein del av. Saman med dei omliggande småøyane dannar ho ein eigen kommune i periferieininga Khaniá i periferien Kreta.[2] Ho er òg det sørlegaste punktet i Europa.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya ligg 50 km sør for Khóra Sfakión og har eit areal på 33 km². I 2011 budde det 152 personar fast på øya. Om sommaren kan folketalet derimot stige til over 3 500, dei fleste av desse er nudistar. Hamna på øya heiter Karavés, medan hovudlandsbyen heiter Kastrí. Den sørlegaste landsbyen Vatsianá har berre nokre få personar som bur permanent.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gávdos har vore busett sidan steinalderen. Gávdos har stundom vore identifisert som den mytiske staden Ogygia der Kalypso haldt Odyssevs som fange. Arkeologiske funn har vist at romarane var aktive på øya. På denne tida vart plantelivet på øya overutnytta, og dette starta ein erosjonsprosess som framleis held fram.

Apostelen Paulus segla i le av Gávdos på si siste reise til Roma. Etter å ha forlatt Kreta tok ein storm fatt i skipet hans og blåste det ut av kurs, slik at han passerte nær øya. Dette vert gjenfortalt i Apostelgjerningane 27,16.

Seinare, under tida under Austromarriket hadde øya 8 000 innbyggjarar og hadde tre biskopar og ein erkebiskop. Under den osmanske perioden, som varte frå 1665 til 1895 vart Gávdos kalla Gondzo. I denne perioden minka folketalet til berre 500 i 1882. Ein refereanse til sarasenarane har overlevd på øya - ei strand er kalla Sarakinikó, som tyder av sarasenarane på gresk.

I 1930-åra vart øya nytta som ein stad for kommunistar i eksil, meir enn 250 menneske vart sende her av dei greske styresmaktene, mellom anna Markos Vafiadis. Urbaniseringa tok til på 1960-talet i Hellas, men starta alt i 1950-åra på Gávdos. Under denne perioden kunne øybuarane byte land på Gávdos med tidlegare tyrkiske område på Kreta, som hadde vorte tilgjengelege via staten. På Kreta danna dei ein gemeinschaft kalla Gavdiótika.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


External Links[endre | endre wikiteksten]