Kolgujev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Kolgujev

Kolgujev (russisk о́стров Колгу́ев) er ei øy i Nenetsia i Russland, søraust i Barentshavet (aust for Petsjorahavet) nordaust for Kaninhalvøya. Øya er nesten sirkelforma og har ein diameter på 80 km og er 4 968 km² stor. Det hgøaste punktet på øya er 50 meter over havet. Dei store våtmarkene består av mange myrer og moreneåsar dekte av vegetasjon ein typisk finn i tundra.

Det er berre ein busetnad på øya, Bugrino, som ligg på søraustkysten. Nenetsarar utgjer den største folkegruppa og livnærer seg på fiske og reinsdyrhald. Det er òg funne olje og naturgass på øya.[1]

Rapport frå Trevor-Battye[endre | endre wikiteksten]

Øya vart utforska i 1894 av den britiske naturforskaren Aubyn Trevor-Battye. Han gjekk i land i juni med ein assistent og hadde planar om å vere ein månad der for å studere dyrelivet, særleg fuglar. På grunn av mekaniske problem med fartøyet og ein misforståing vart dei etterlatne på øya i 12 veker. Han gav ut ein rapport om naturhistoria og topografien til Kolgujev i Ice-bound on Kolguev (Trevor-Battye 1895). Boka innehaldt observasjonar av nenetsarane (som han kalla samoyed), som førte reinsdyra sine til øya om sommaren for å la dei beite og for å fange gås som dei kunne handle med i Russland. Trevor-Battye reiste til slutt frå øya med desse reinsdyrgjetarane i september 1894 og måtte reiste heilt frå Petsjora til Arkhangelsk. Han skildra denne lange reisa i «A Northern Highway of The Tsar» (Trevor-Battye 1898).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Kolguyev» frå Wikipedia på engelsk, den 3. august 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Trevor-Battye, Aubyn. (1895). Ice-bound on Kolguev, Constable, London, 1895.
    • Trevor-Battye, Aubyn. (1898). A Northern Highway of The Tsar, Constable, London, 1898.
  1. Internet Geology News Letter No. 16 (1999). Vitja 3. august 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 69°01′N 49°22′E