Kolumbus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bussrute 47 i Kolumbus si fargedrakt frå Lauvvik.

Kolumbus (Rogaland Kollektivtrafikk) er eit fylkeskommunalt føretak frå Rogaland Fylkeskommune som driv kollektivtrafikken i Rogaland. Oppgåvene til føretaket består av planleggje, marknadsføre og informere om rutetilbodet samt kjøpe transporttenester frå buss- og båtselskap. I tillegg til ansvar for busstrafikk i Rogaland har også Kolumbus har ansvaret for hurtigbåttrafikk i Ryfylke, til Byøyene og til Utsira og Røvær. Kolumbus sine bussar er lett attkjennelege med sine grøne fargar. Føretaket har 31 tilsette og har kontor på Byterminalen i Stavanger. Direktør er Tor Geir Espedal.

Kolumbus eig ikkje direkte bussane og båtane som er i bruk, det gjer samarbeidspartnarane. Desse består av busselskapa Connex Vest (oppkjøpt av Veolia Transport), Nettbuss Vest, Tide Buss Haugesund AS, Suldal Billag, Østerhus Buss og reiarlaga Stavangerske AS, L. Rødne & Sønner AS og Skyssbåt John Arne Helgøy. Frå 1. januar 2008 starta Veolia Transport Sør AS å køyre alle bussrutene i Sør-Rogaland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 2001 blei Rogaland Kollektivtrafikk FKF (RKT) oppretta etter eit vedtak i Rogaland Fylkesting. 1. januar 2002 blei det fylkeskommunale føretaket etablert.

Fyrste gong busstrafikken i Rogaland blei utsett for konkurranse var i 2003. Då blei rutene i Stavanger og Nord-Jæren lagde ut på anbod. Det blei også store omleggingar av rutene.

Frå og med 1. januar 2006 blei det innført eitt nytt billettsystem for elektronisk betaling. Dette førde til mange oppstartsproblem og blei ein mogeleg årsak til inntektsvikta i forhold til budsjettet for fyrste kvartal i 2006. Det nye billettsystemet omfattar mellom anna Kolumbuskortet som effektiviserer vekk både papirbillettar og delar av køane på veg inn i bussar. Systemet skulle også gjere at det blei mindre pengar i bussane.

Frå 1. januar 2006 blei berre miniKort brukt og hadde funksjonen til Kolumbuskortet heilt fram til sommaren 2006Kolumbuskorta blei send ut. Både miniKortet og Kolumbuskortet hadde oppstartsproblem. I starten fekk mange passasjerar gå gratis på bussen på grunn av feil med systema. Då Kolumbuskortet kom blei det også problem med einskilde typar billettar og det blei fleire oppslag i media grunna endra soneinndeling. Seinare blei det også oppdaga at rundt 7000 av korta som blei sendt ut hadde like ID-nummer som andre kort som var i omløp. Dette førte til at mange måtte få nye kort.

Tidleg i 2005 blei bussrutene i på Haugalandet(Nord-Rogaland) konkurranseutsett for fyrste gong. Her vann Haugaland Buss(HSD Buss og Gaia Trafikk) alle rutene. Dermed måtte Nettbuss Vest og Suldal Billag trekkje seg ut herifrå. Starten på anbodet var 1. januar 2006.

Seint på hausten 2006 blei det annonsert ny anbodsrunde på fylkeskommunale bussruter (lokalruter) i Sør-Rogaland. Dette inkluderte Jæren og Dalane som for fyrste gong blei konkurranseutsett. Rutene skulle ikkje leggjast om i større grad slik som i 2003, men det skjedde einskilde endringar, som at alle bussar skulle vere grøne.[1]

Ved slutten av 2006 var det 11 500 som hadde teikna Reisekonto[2]. Ved starten av 2007 blei fleire nye hurtigbåtar sette i gang. Desse skulle gå i Ryfylke under Kolumbus, og vere eigd av Stavangerske. Dei blei utforma saman med blant anna Handikapforbundet som gav god omtale i media.[3]

Veolia Transport Sør AS vann anbodsrunden for heile Sør-Rogaland. I annonseringa 28. mars 2007 blei det sagt at dei blei gitt heile kontrakten for buss på grunn av lågast pris. Ved starten av perioden på fem og ei halvt år, 1. januar 2008, starta utskiftinga av 70 % av bussmaterialet. Sidan Veolia allereie hadde halvparten av rutene på Nord-Jæren, var det berre Nettbuss AS som må trekkje seg ut. Ei av føresetnadene i kontrakten var at sjåførar som mista jobben i Nettbuss skulle få nytilsetjingar i Veolia.[4]

1. januar 2008 blei 170 nye bussar sette i trafikk på Nord-Jæren. 7 av 10 bussar blei erstatta av dei nye. I tillegg blei ein god del av rutene lagd om for å utvide tilbodet.[5]. Heller ikkje dette gjekk smertefritt, ein kombinasjon av sjuke sjåførar hos Veolia, nye bussar og nye ruter skapte mykje problem dei fyrste vekene.[6]. Veolia måtte gå så langt som å tilsetje 30 polske sjåførar for å løyse på krisa.[7]

I februar og mars same år blei sagt i media at Veolia fekk rundt 20 millionar i bot for problema i januar. I følgje kontrakten på anbodet skulle Veolia få 5 000 kr i bot kvar avgang som blei innstilt (10 000 kr dersom dei ikkje rapporterte til Kolumbus). 921 klager fekk Kolumbus inn for dei tre fyrste vekene i 2008 mot 153 klager på same tid året før[8].[9]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kolumbus.no. - Ny anbodskonkurranse for kollektivtrafikk i Sør-Rogaland
  2. Kolumbus.no. - Årsrapport 2006
  3. Stavanger Aftenblad.no. - Handikappa jublar for nye hurtigbåtar
  4. Kolumbus.no. - Veolia vann busskontraktane
  5. Stavanger Aftenblad.no. - 170 nye bussar på Nord-Jæren
  6. Stavanger Aftenblad.no. - Forsinkelser i flere uker
  7. Stavanger Aftenblad.no. - Et krisetiltak
  8. Rogalands avis, nett - Rush av klager 2008
  9. Stavanger Aftenblad.no. - Januar kan koste 20 millionar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]