Kommensialisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kommensialisme er ei form for biologisk samliv der den eine parten dreg fordel av samlivet, medan det for den andre verken har positiv eller negativ tyding. Ordet kjem av latin com mensa som tyder «delar eit bord», og vart først brukt for å skildra måten mange dyr nyttegjer seg av andre dyrs matoverskot, t.d. åtseletarar som ventar til predatoren er ferdig med byttet sitt før dei forsyner seg.

Ulike slag kommensialisme[endre | endre wikiteksten]

Eremittkreps

Transport[endre | endre wikiteksten]

Mange organismar festar seg til andre organismar for å koma seg frå ein stad til ein annan. Denne forma for kommensialisme omfattar helst leddyr, t.d. middinsekt, bokskorpionarpattedyr og tusenbeinfugl, men han er òg kjend frå virveldyr som sugefisk (familie Echenidae).

Dyr som vert funne på andre organismar utan at dei gjer skade, vert kalla foretiske dyr.

Husly[endre | endre wikiteksten]

Når ein organisme lever i ein annan organisme utan å skada denne kallar me han inkvilin. Døme på dette kan vera epifyttiske eller epizooiske plantar eller fuglar som lever i hol i tre.

Metabiose[endre | endre wikiteksten]

Ein indirekte form for kommensialisme vert kalla metabiose. Desse høva fortel om når ein organisme nyttar eit produkt av ein annan organisme etter at denne har døydd. Eit godt døme på dette er eremittkrepsen, som lever i skal frå daude sniglar.

Kritikk av omgrepet[endre | endre wikiteksten]

Nokre biologar meiner at tette tilhøve mellom to organismar naudvendigvis må ha ein positiv eller negativ verknad på begge partar, og at tilhøve som vert rekna som kommensialistiske anten er mutualistiske eller parasittiske på ein måte som enno ikkje er oppdaga. Til dømes er epifyttar «næringspiratar» som kan ta til seg store mengder minerale næringsstoff som elles ville gått til vertsplanten. Store tal på epifyttar kan òg føra til at greinar brekk av, eller dei kan skugga for vertsplanten og såleis redusera fotosyntesen til denne. På same måte kan foretiske midd på flygande insekt gjera det vanskelegare for verten å fly, både på grunn av auke både i vekt og luftmotstand.