Komsomolsk-na-Amure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Komsomolsk-na-Amur
Комсомольск-на-Амуре
Street komsomolsk.jpg
Byvåpenet til Komsomolsk-na-Amur
Byvåpenet til Komsomolsk-na-Amur


Plassering
Komsomolsk-na-Amure is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Khabarovsk kraj
Grunnlagd
Bystatus
1932
1933
Borgarmeister Vladimir Mikhaljov
Geografi
Flatevidd
 - By

325 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2009)
   - folketettleik

270 800
  833,2 /km²
Koordinatar 50°33′0″N 137°00′0″EKoordinatar: 50°33′0″N 137°00′0″E
Høgd over havet 30 moh
Tidssone
- Ved sommartid
VLAT (UTC+10)
VLAST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer 6810xx
Retningsnummer (tlf) (+7)4217
Nettstad: www.kmscity.ru

Komsomolsk-na-Amure (russisk Комсомо́льск-на-Аму́ре) er ein by i Khabarovsk kraj i Russland. Han ligg på venstresida av elva Amur, rundt 356 km nordaust for Khabarovsk, og ved BAM-jernbanen. I 2009 hadde byen om lag 270 000 innbyggjarar.

kinesisk vert byen kalla 共青城 (Gongqing Cheng), direkte omsett som «Komsomolbyen». Området låg opphavleg i keisardømet Kina, men kom under russisk overhøgd etter Aigun-traktaten i 1858.

Landsbyen Permskoje (russisk: Пе́рмское) vart grunnlagd i 1860 av innflytta småbønder frå Perm gubernija. I 1932 vart det bygt tungindustrifabrikkar på staden, landsbyen fekk bystatus og namnet vart endra til Komsomolsk-na-Amure, sidan han vart grunnlagt som industrielt senter av den kommunistiske ungdomsorganisasjonen Komsomol.

I løpet av 1900-talet utvikla byen seg til eit regionalt senter for industriar som metallurgi, maskinbygging, oljeraffinering og skipsbygging. Flyprodusenten Sukhoi har store fabrikkar i byen. Khurba flybase ligg sør for byen og Dzemgi flybase ligg i nord.

Kjende personar frå Komsomolsk-na-Amure[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Komsomolsk-na-Amure

Kjelder[endre | endre wikiteksten]