Khabarovsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Khabarovsk
Хабаровск
Den gamle dumaen i Khabarovsk
Den gamle dumaen i Khabarovsk
Byvåpenet til Khabarovsk
Byvåpenet til Khabarovsk


Plassering
Khabarovsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Khabarovsk kraj
Grunnlagd
Bystatus
31. mai 1858
1880
Borgarmeister Aleksander Sokolov
Geografi
Flatevidd
 - By

372 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

577 400
  1 552,2 /km²
Koordinatar 48°29′″N 135°4′″EKoordinatar: 48°29′″N 135°4′″E
Høgd over havet 72 moh
Tidssone
- Ved sommartid
VLAT (UTC+10)
VLAST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer 6800xx
Retningsnummer (tlf) (+7)4212
Bilnummer 27
Nettstad: www.khabarovskadm.ru

Khabarovsk (russisk Хаба́ровск, kinesisk 伯力, Bólì) er ein by i Russland i det russiske fjerne austen, og hovudstad i Khabarovsk kraj. Khabarovsk har om lag 575 000 innbyggjarar og ligg i innlandet ved elva Amur, 30 kilometer frå grensa til folkerepublikken Kina.

Byen ligg ved den Den transsibirske jernbanen og har internasjonal flyplass og elvehamn. Etter den andre verdskrigen vart det heldt rettssaker mot japanske krigsforbrytarar her.

History[endre | endre wikiteksten]

Området var opphavleg ein del av Kina, av det mandsju-styrte kinesiske riket, og vart då kalla Boli. Den mandsjurske busetjinga oppstod på 1100-talet.[1]

26. mars 1652 vart kosakkar angripe av eit mandsjurisk kavalier nær Atsjansk (russisk Ачанск), eit russisk fort som ligg der Khabarovsk ligg i dag, men dei klarte ikkje å ta fortet. I 1654 møtte ein mandsjursk-koreansk hær ein russisk hær i slaget ved Hutong (hangul: 후퉁강 hanja: 厚通江 (混同江)), som dei mandsjuriske-koreanske styrkane vann. Fire år seinare, i 1658, sendte Hyojong igjen troppar for å hjelpe Qing-dynastiet mot Russland; 260 koreanske musketerar og kanKorean musketeers og kanonérar vart sendt mot russarane under ein amur-koassak, Onufrij Stepanov (russisk Онуфрий Степанов-Кузнец). Dei mandsju-koreanske styrkane møtte russarane ved Sjarhody (kinesisk 沙尔虎达, russisk Шарходы/Шарходе, hangul 의례목성 (어라이무청)), ved munningen av elva Sungari, og tok livet av 270 russarar og dreiv dei ut av det mandsjuriske områet. Desse felttoget vert i koreanske krøniker kalla Nasun Jeongbeol (hangul 나선정벌, hanja 羅禪征伐, russisk Усмирении России).

I 1858 vart området avstått til Russland etter Aigun-traktaten. Dei russiske styrkane grunnla ein militær utpost kalla Khabarovka (russisk Хаба́ровка) [2] kalla opp etter denne russiske utforskaren Jerofej Khabarov. Utposten vart seinare eit viktig industrisenter i regionen.

Byen ligg der Ussuri munnar ut i Amur, om lag 800 km nord for Vladivostok og mellom byane går det nattog langs den transsibirske jernbane. Til Moskva er avstanden langs jernbanen 8523 km.

I 1894 vart ei avdeling av Det russiske geografiske forbundet oppretta i Khabarovsk og dei grunnla bibliotek, teater og museum i byen. Sidan den gong har kulturlivet i Khabarovs blomstra. Mykje av den opphavlege historia til urinnbyggjarane er godt bevart i museum og ved stader som busetnadane Nanaj i Sikhatsji-Aljan, der det finst 1300 år gamle klippemålingar. Khabarovsk kunstmuseum har ei samling av gamle russisk ikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Khabarovsk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]