Nikolajevsk-na-Amure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikolajevsk-na-Amure
Николаевск-на-Амуре
Byvåpenet til Nikolajevsk-na-Amure
Byvåpenet til Nikolajevsk-na-Amure


Plassering
Nikolajevsk-na-Amure is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Khabarovsk kraj
Grunnlagd
Bystatus
1850
1856
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

25 449
Koordinatar 53°09′″N 140°44′″EKoordinatar: 53°09′″N 140°44′″E
Tidssone
- Ved sommartid
VLAT (UTC+10)
VLAST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer 682460
Retningsnummer (tlf) 42135
Nettstad: www.nikoladm.ru

Nikolajevsk-na-Amure (russisk Никола́евск-на-Аму́ре) er ein by i Khabarovsk kraj i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Byen ligg 80 km frå munningen til Amur, 650 km nordaust for Khabarovsk.

Den russiske busetnaden vart grunnlagd som Nikolajevskij av Gennadij Nevelskoj 13. august 1850. Byen vart kalla opp etter tsar Nikolai I av Russland. Han fekk byrettar og og namnet Nikolajevsk-na-Amure i 1856.

Nikolajevsk, ca. 1900.

Byen vart ei viktig kommersiell hamn og vart administrativt senter for regionen til 1880, då guvernøren vart flytta til Khabarovsk. Anton Tsjekhov vitja byen på reisa si til Sakhalin i 1890, og merka seg at folketalet minka raskt. Nikolajevsk kom ut av resesjonen i 1896 då det vart oppdaga gull i nærleiken og som følgje av nyoppretta laksefiskeri.

Under den russiske borgerkrig fall folketalet i byen frå 15 000 til 2 000, etter at ein lokal partisanleiar, som seinare vart avretta av dei same bolsjevikane han var meint å høyre til, jamna byen med jora og massakrerte den japanske minoriteten i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.