Kongen av Kristofer Uppdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bøkene i Dansen gjenom skuggeheimen

Kongen (1920 og 1953) er det fjerde bindet i den episke kronologien[1] til romanserien Dansen gjenom skuggeheimen av Kristofer Uppdal. Det følgjer handlinga og personane frå fyrsteboka Stigeren og skildrar, ifølgje undertittelen, Tørber Landsems ungdom. Den fyrste delen av romanen skildrar barndomsheimen frå Tørber er om lag 12–13 år gammal. Han lever med mora Petenilla og broren Ola etter at faren rømde frå dei etter eit nederlag. Tørber vert sett bort som gardsgutt, men rømmer raskt, og vert omstreifar saman med den legendariske «Kongen» eller «Sulis-Kongen» Halvor Rossvoll, som er omstreifer og rallar og vert ein farsfigur for Tørber. Handlinga følgjer i tid etter bind 1, og går til dels føre seg samtidig med handlinga i bind 2 og siste delen av bind 3.

Romanen skildrar lære- og vandreåra til Tørber, og det er gjennom reisene og samværet med «Sulis-Kongen» at han møter «kraftene i folkedjupet», som er Uppdal sitt stikkord til denne romanen. I eit hovudparti av romanen er Halvor og Tørber på anleggsarbeid i Rjukan, ein stad Uppdal sjølv hadde arbeidd på i perioden 1907–1910. Tørber lærer å kjenne landet, ulike arbeidarmiljø, og han får kjenne fantestempelet det eine året han og Halvor er bufaste for at Tørber skal verte konfirmert. Han får også møte erotikken, hjå ei taterjente, og han er på «eksis», i militærteneste.

«Sulis-Kongen» er ein vitalistisk skildra, erketypisk rallar: sterk, individualistisk, lausriven frå røtene og med ei anarkistisk haldning til det ordna samfunnet. Tørber fangar fyrst opp desse haldningene, men vel etter kvart ein annan retning: Vandretida hadde gjeve han eit kontaktnett og ei livserfaring som han kunne bruke i arbeidarrørsla. Det er eit poeng for Uppdal at den arbeidslivsnære erfaringa som Tørber hadde fått seg, var viktigare enn den boklærde kunnskapen som andre leiaremne i fagrørsla hadde: «No kom han midt uppi fagforeiningsarbeidet. Arbeidarane ymta frampå um å velje han til sin leidar. Ingen kjende arbeidarane kringum landet betre enn Tørber Landsem. Han var det rette til å laga foreiningane til ein stige eller ein veg over til samfundet so han vart farande».[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hovudkjelda for omtalane av dei enkelte binda i verket er Leif Mæhle sine føreord til kvart bind i nyutgåva frå 1985–1991 og presentasjonen av romanane på nettstaden uppdal.no
  2. Sitat frå s. 169 i 1987-utgåva av Kongen, kapittelet «Inn i samfundet»