Fjellskjeringa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bøkene i Dansen gjenom skuggeheimen
Illustrasjonsfoto av ei fjellskjering.
Foto: Wilse: Hardangerbana, 1927

Fjellskjeringa (1924) er det niande bindet i den episke kronologien[1] til romanserien Dansen gjenom skuggeheimen av Kristofer Uppdal. Boka har undertittelen Basola Storbas og laget hans, og kom ut i mars 1924, eit halvt år før sistebindet. Dei fyrste kapittelutkasta til boka vart publiserte i 1910 og 1912.[2] Den fyrste halvparten av boka vart også publisert som føljetong i avisene Demokraten på Hamar og Ny Tid i Trondheim våren 1913.[3]. Før den endelege utgjevinga i 1924, hadde nokre avsnitt vorte trykte i Arbeiderbladet og Norig i november og desember 1923.

Handlinga i boka er lagd til eit jernbaneanlegg nokre haustmånader. Anlegget er ikkje stadfesta, men det er rimeleg å tenkje seg at handlinga går føre seg på Hell-Sunnanbanen, som i dei tidlegare bøkene. «Stiftsstaden» som vert nemnd i teksten er av forfattaren stadfesta å vere Trondheim. Hovudpersonane i boka har i liten grad vore synlege i dei andre bøkene, med eitt unntak: Øl-Kalle frå Vandringa er med her, no som eldre og erfaren slusk. Sjugur Rambern og livet og arbeidet hans, slik det vert skildra i Røysingfolke, vart nemnd og omtala i denne boka, utan at han medverkar i handlinga. Boka kan med ein viss rett kallast ein kollektivroman, der typen, miljøet og mentaliteten er hovudperson. Dei figurane som står tydelegast fram er Øl-Kalle, den gamle slitaren Gamal-Ola, og arbeidsformannen Basola, som svingar mellom barsk autoritet og redsla for å ikkje makte oppgåvene sine.

Forfattaren sitt stikkord til romanen var «det primitive kjenslelivet», og han går då også inn på dei ulike personane i den mest usminka åtferda og den mest karakteristiske manns- og arbeidarrolla deira. Det er lite episk framdrift i historia som best kan oppfattast som ein serie typeportrett og miljøskildringar. I dette vekslar Uppdal mellom barske skildringar av slit, nokre sentimentale scener, og grotesk uvøren humor.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hovudkjelda for omtalane av dei enkelte binda i verket er Leif Mæhle sine føreord til kvart bind i nyutgåva frå 1985–1991 og presentasjonen av romanane på nettstaden uppdal.no
  2. Kapittelet «Storbasen og lage hans» stod i Socialdemokraten 27. oktober 1910, og kapittelet «Jensa-Jens og gutten med ungen» stod, på riksmål, i morobladet Hvepsen 13. januar 1912.
  3. Mæhle fortel i føreordet til 1991-utgåva, med redaktør Martin Tranmæl som kjelde, at føljetongen vart stoppa i Ny Tid fordi lesarane klaga over at historia var for stilleståande. Boka vart også innlevert til Aschehoug i 1913, men vart refusert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]