Dansen gjenom skuggeheimen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dansen gjenom skuggeheimen vert rekna som det store verket om framveksten av arbeidarklassen i Noreg, om rallarane sitt liv og om deira fagorganisering.
Foto: Wilse, frå Norsk Jernverk 1946

Dansen gjenom skuggeheimen er eit 10-binds romanverk av den norske forfattaren Kristofer Uppdal (1878-1961), utgjeven i tidsrommet 19111924. Det er samstundes tittelen på den fyrst utgjevne av romanane, som kom i 1911, og seinare i ny, omarbeidd utgåve i 1921. Romanverket skildrar framveksten av arbeidarklassen og arbeidarrørsla i Noreg, og overgangen frå bondesamfunnet til rallar- og arbeidarkulturen. Handlingen utspelar seg i tida frå kring 1885/90 til 1920, dels i hovudstaden Kristiania, dels i trøndersk bondemiljø – truleg frå Steinkjertraktene, og dels på ulike anlegg forskjellige stadar i Noreg: Rjukan, Ålesund og Innherad.

Forfattaren meinte sjølv at verket både kunne lesast som ein samanhengjande «storroman», og at kvart bind kunne lesast som separate forteljingar.

Tittelen[endre | endre wikiteksten]

Tittelen kan oppfattast som ei skildring av «proletariseringa»[1] av arbeidarrørsla frå den vage, utydelege tilstanden «i skuggeheimen» og fram til synberr politisk makt.

Forfattaren og verket[endre | endre wikiteksten]

Uppdal debuterte som forfattar med diktsamlinga Kvæde i 1905, og denne vart etterfølgd av endå to samlingar før han i 1909 fann si eiga stemme og sitt eige materiale i diktsamlinga Vill-fuglar. På denne tida var han framleis anleggsarbeidar, med eitt år på Askov folkehøjskole i Danmark bak seg.

Uppdal var anleggsarbeidar på Hell-Sunnanbanen, og fleire av romanane er lagde til eit miljø som kan minne om dette.
Foto: Wilse, illustrasjonsfoto frå Sørlandsbanen, 1942
Handlinga i romanverket føregår frå 1890 til 1920, og vekslar mellom trønderske bygder, anlegg rundt i Noreg og hovudstaden Kristiania. Her frå Stortinget i 1912.

Litteraturhistorikaren Odd Solumsmoen peikar på at romanserien følgde forfattaren i dei beste åra hans, frå han var 33 til han var 46. På desse åra hadde verdskrigen sett preg på både forfattaren og omgjevnadene, og Uppdal sitt eige liv hadde gått frå godt til verre. Verket «hadde åpnet i overmot, med festfanfarer, og sluttet i dyp tragedie».[2] Då han i 1910 prosadebuterte med Ved Akerselva, budde han i Kristiania.[3] Denne novellesamlinga må sjåast på som ein del av Dansen-verket, og vart då seinare omarbeidd til Vandringa (1923). Sidan følgde tre romanar i ein raptus frå 1911–14, før Uppdal tok ein fem års pause frå romanverket. I denne tida skreiv han dikt, og arbeidde som litteraturkritikar. Han gifte seg i 1913 med Bergljot Isabella Magnusen, og paret busette seg i Asker. Dei fekk tre born frå 1917 til 1923.

I 1924 vart Bergljot Uppdal lagd inn på sjukehus, som mentalt nedbroten. Uppdal sjølv heldt det gåande i to år til, der han mellom anna gav ut den særmerkte aforismesamlinga Jotunbrunnen (1925), med fyndord som forfattaren ikkje hadde funne rom for i romanane. I 1926 vart Kristofer Uppdal innlagd på Gaustad sjukehus, der han vart verande i tre år. Han vart friskskriven, men var i realiteten skademerkt, og deltok i liten grad i samfunnslivet etter dette. Borna vart sette bort. Romanserien vart skriven og fullført i ei arbeidsbølgje medan han var på høgda av krafta si. Likevel er det i ettertid mogleg å lese inn eit forvarsel om samanbrotet i den melankolien som finst i personskildringane i dei siste binda.

Det er trekk frå Uppdal sin eigen biografi i fleire av bøkene og personane. Dette finn ein både i Stigeren, Vandringa og Dansen gjenom skuggeheimen. Tydelegast kan ein likevel kjenne att Uppdal i diktaren Audun Rambern, som er ein av hovudpersonane i den siste av bøkene, Herdsla. Audun har skrive romanserien «Ut av myrkret», og han er bror til Sjugur Rambern, hovudpersonen i to av dei tidlegare bøkene. I eit originalt, personleg og viktig sluttkapittel i romanen vert forfattaren/Audun og alle hovudpersonane hans samla til ein samtale ved hamna, innunder Akershus festning. Romanverket sluttar med at Audun Rambern framseier ein hymne, kalla «Avreisa mot glitretind».

Verket og samtida[endre | endre wikiteksten]

Både tematisk og tidsmessig er Dansen gjenom skuggeheimen ein del av nyrealismen i norsk litteratur, ein litterær periode som er prega av diktarisk behov for nytt stoff, og av store omveltingar i samfunnet: den andre fasen av industrialiseringa, og flukta frå landsbygda inn i industrien.[4] Før og under denne perioden blomstra heimstaddiktninga, der stadig nye delar av landet og samfunnslivet vart lagde under litterær handsaming. Som ein del av dette kom også dei fyrste arbeidardiktarane. Den fyrste av dei var Andreas Haukland (1873–1933) med Ol-Jørgens barndom (1902) og dei tre påfølgjande binda. Etter Haukland følgde Johan Falkberget, Uppdal og nokre år seinare Oskar Braaten som fyrste generasjon av arbeidardiktarar.[4] Både Haukland og Uppdal skreiv om rallarane, medan Falkberget skreiv frå gruvearbeidet. Braaten på si side skreiv frå arbeidarmiljøet i byen. Det er også peika på at Vandringa, som er den mest sjølvbiografiske av dei ti bøkene i Dansen gjenom skuggeheimen, i stor grad minner om, og faktisk føregreip med 10–15 år, dei store sjølvbiografiske proletarromanane som dei svenske forfattarane Eyvind Johnson og Harry Martinson skreiv på 1930-talet.[1]

1920-åra var æraen til dei store romanseriane, både i Noreg, Norden og Europa elles. Dette kan forklarast med psykologisk motivasjon hjå forfattarane. Omveltingar i krigen og økonomien gjorde til at fleire forfattarar hadde trong til å få overblikk og finne fram til samanhengar,[5] eller søkte den indre samanhengen i folkelivet.[4] Ei utvikling i kundegrunnlaget til bokmarknaden var også ein del av biletet – den framveksande middelklassen kjøpte bokverk og episke romanseriar på avbetaling.[5]

Uppdal kom sjølv med ein original analyse av verket i høve til annan litteratur i samtida. I ein polemikk med redaktør Henrik Rytter i bladet Ung Norig skreiv han at «Eg er elles i det siste no vorten vár, at Kristin Lavransdatter, Juvikingane og Dansen gjenom skuggeheimen er ei line, frå mellomalderen og til i dag, den gamle norske adel, bonden og arbeidaren. Dei tri hovudmakter og stand gjenom tida. Det er so å segja eitt verk skrive av tri forfattarar av same generasjon».[6]

Likskap med interne forhold i fagrørsla[endre | endre wikiteksten]

Fleire kjende historiske personar kan identifiserast i verket. På nokre måtar kan verket oppfattast som ein nøkkelroman frå framveksten av Norsk Arbeidsmandsforbund, stifta i 1895 av rallarar og gruvearbeidarar. Særleg i Domkyrkjekyggjaren kan skjebnen til Ølløv likne på den triste avskjeden til forbundsleiaren Olav Strøm, og i fleire av romanane førekjem advokat Sibbern, som minner om Ludvig Meyer. Martin Tranmæl vert attkjend som Butulv Melan, og Benk Benkson liknar reiseagitatoren Hans Berntsen, medan LO-leiaren med namnet Lars Lunnan minner om Ole Lian. Uppdal var sjølv tillitsvald i arbeidsmandsforbundet, og møtte på landsmøtet i forbundet i 1908 og på LO-kongressen i 1910.

Verket vart i samtida kritisert for desse «avsløringene fra det indre livet» i Arbeidsmandsforbundet/LO.

Oversyn over serien og enkeltbøkene[endre | endre wikiteksten]

Uppdal arbeidde med verket i to periodar. Frå 1911 til 1914 gav han ut tre av bøkene. Desse tre vart omarbeidde, utgjevne på nytt, og føydde inn i bokverket på ulike stader då Uppdal tok opp att arbeidet med verket i perioden 1919–24.

Fleire har peika på at verket er utvikla trinnvis, og i fleire retningar. Uppdal skreiv sjølv i føreordet til det siste bindet at

Verket er tenkt som eit byggverk, eit tempel eller slikt, med skip og tverrskip. Derav kjem det, at eg har bygd på det både frå sidune og på lengda skiftevis

Uppdal publiserte i dei seinare leveåra sine ein tredje versjon av to av romanane.[7] Denne versjonen er prega av at språket vart gjort meir arkaisk, og av at den politiske bodskapen vart endå meir tydeleggjord, på ein måte som litteraturhistorikarane meiner at forringar verket. Gjenutgjevinga av verket i 1985–91 bygde på utgåva frå 1919–24.

Personnamna i verket kan verke forvirrande; dei er trønderske dialektformer av namn som Torbjørn, Oddleif, Sjur/Sigurd, Mildrid Anna og Ingeborg Anna.

Nr[8] Tittel, undertittel Stikkord[9] År
1 Stigeren, Tørber Landsems far «Natta og myrkret (som menneska stig ut av)» 1919
2 Trolldom i lufta, Ølløv Skjølløgrinns ungdom «Sjølvbergingsdrifta» 1912, 1922
3 Vandringa, Øl-Kalles ferd «Lausrivinga frå upphavet» 1923
4 Kongen, Tørber Landsems ungdom «Kraftene i folkedjupet» 1920
5 Dansen gjenom skuggeheimen, Sjugur Rambern «Erotikken» 1911, 1921
6 Domkyrkjebyggjaren, Tørber Landsem og Ølløv Skjøllegrinn «Dådshug og tru» 1921
7 I skiftet, Tørber Landsem og Mildrianna «Krisa (då mannen anten sjuknar og kverv eller lyfter seg til høgd)» 1922
8 Røysingfolke, Sjugur Rambern og bøndene «Sambandet med upphavet» 1914, 1923
9 Fjellskjeringa, Basola Storbas og laget hans «Mennesket (det primitive kjenslelivet)» 1924
10 Herdsla, Tørber Landsem og Audun Rambern «Geniet» 1924

Vurderingar av verket[endre | endre wikiteksten]

I samtidskritikken var meiningane om verket delte. Kritikarane i arbeidarpressa var av fleire grunnar skeptiske, og meinte til dømes at 1911-utgåva av Dansen gjenom skuggeheimen ikkje heldt mål som proletarskildring.[5] Borgarlege kritikarar som Alf Larsen var mellom dei fyrste som såg «geniets kaotiske kraft» i bøkene til Uppdal.[10] Andre kritikarar reagerte på råskapen Uppdal skildrar i bøkene.

Verket inneheld ein marxistisk analyse av forholdet mellom kapital og arbeidskraft, men tek tydeleg avstand frå revolusjonære krefter. Forfattaren ser ut til å oppfatte samarbeidslinja, fagforeiningsarbeidet og allianse mellom bonde og arbeidar som den beste politiske løysinga. Samtidig er det ein grunnleggjande motsetnad mellom den uttala tilliten til dei kollektive, fagpolitiske løysingane, og den underliggjande, grunnleggjande beundringa for «enerne, de sterke, heroiske unntaksmenneskene. Hele syklusen er gjennomglødd av beundring for denne mennesketypen» i verket.[5] Edvard Beyer tolkar verket på same måten når han peikar på at rallaren vert sett på som «bærer av evige krefter i menneskelivet».[4]

Willy Dahl peikar også på at romanverket skildrar ei mannsverd. «Kvinner er for Uppdals hovedpersoner enten en forbruksvare […] eller de er en ulykke».[5] Både Petenilla, Innbranna, Ambjør og Mildrianna vert til ulempe for ektemennene sine.

Anders M. Andersen, som skriv om Uppdal i Norsk biografisk leksikon, peikar på at verket særmerkjer seg i forhold til andre, samtidige romanverk ved å vere framtidsoptimistisk.[11]

Filmatisering[endre | endre wikiteksten]

I 1979 blei ein del av romansyklusen filmatisert som Rallarblod av regissøren Erik Solbakken.[12]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Verket er i hovudsak ei rikt fasettert framstilling, psykologisk og sosialt, av ulike fasar i proletariseringa» skriv Arnljot Eggen i artikkelen «Kristofer Uppdal - eit litteraturhistorisk kapittel som bør skrivast på nytt» I: Forfatternes litteraturhistorie; Bind 2. Gyldendal, 1980
  2. Odd Solumsmoen, Kristofer Uppdal, domkirkebyggeren (2. utg. 1978; s. 106)
  3. Ved Akerselva hadde fyrst gått som føljetong i Socialdemokraten før ho vart utgjeven i bokform i 1910.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Edvard Beyer. Utsyn over norsk litteratur. 4. utg. 1983
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Willy Dahl: Norges litteratur. II: Tid og tekst 1184–1935. Aschehoug, 1984. ISBN 82-03-10571-8
  6. I bladet Ung Norig, nr. 10, 1924; sitert etter Solumsmoen, s. 77
  7. Det var Trolldom i lufta og Kongen. Odd Solumsmoen fortel i boka Kristofer Uppdal, domkirkebyggeren (2. utg. 1978; s. 68) at «hele syklusen var ferdig omarbeidd fra dikterens hånd, men hittil er bare 2 bind utgitt».
  8. I høve til den episke rekkefølgja Uppdal la fram i 1924.
  9. Uppdal sette stikkord på bøkene i føreordet i Herdsla: «Kvart bind held fram ein bestemt idé, som kan stå som undertitel for kvart verk».
  10. Alf Larsen i Tidens Tegn om Vandringa, sitert etter Solumsmoen, s. 76
  11. «Ulikt tilsvarande romanverk i europeisk modernisme handlar ikkje Dansen gjenom skuggeheimen om forfall og oppløysing, der det gamle samfunnet står for harmonisk borgarleg orden. Perspektivet er retta mot framtida, ikkje attover.», sitert etter Norsk biografisk leksikon, www.
  12. «Dansen gjennom skuggeheimen». Store norske leksikon. 23. januar 2013. Henta 1. juni 2018.