Kongokratonet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kratonar i det vestlege Gondwana (Sør-Amerika og Afrika) kring mesoproterozoikum (eldre enn 1,3 mrd. år sidan)

Kongokratonet er eit kraton eller grunnfjellsområde som strekkjer seg over store sentrale og sørlege delar av Afrika. Kratonet dekker området frå Kasairegionen i Kongo, vidare inn i Sudan og Angola. Han finst i Gabon, Kamerun og Sør-Afrika, i tillegg til Zambia der det vert kalla Bangweulublokka. Kongokratonet vart danna for mellom 3,6 og to milliardar år sidan. Kongokratonet vart dekt av karbonat og skifrar ved slutten av prekambrium. Horisontar av glasiale bergarter markerer istider. Frå paleozoikum vart Kongobassenget danna slik vi kjenner det i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]