Paleozoikum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paleozoikum
542 - 251 millionar år sidan
Viktigaste hendingar
i paleozoikum
sjå • diskuter • endre
-550 —
-500 —
-450 —
-400 —
-350 —
-300 —
-250 —
P
a
l
e
o
z
o
i
k
u
m
Ein omtrentleg tidsskala for paleozoikum.
Skala: millionar år sidan.

Paleozoikum eller jorda si oldtid (frå gresk palaio (παλαιο), «gammal» og zoe (ζωη) «liv», som til saman tyder «gammalt liv») er den første geologiske æraen i eonet fanerozoikum. Paleozoikum utgjer perioden som byrja for om lag 542 millionar år sidan og enda for 251 millionar år sidan (ICS, 2004), og er vidare delt inn i seks geologiske periodar, frå eldste til yngste er desse: kambrium, ordovicium, silur, devon, karbon og perm.

Liv i paleozoikum[endre | endre wikiteksten]

Trilobittar blømde i nedre paleozoikum fram til dei døydde ut i permtida.

Paleozoikum dekkjer perioden frå dei første talrike fossila av organismar med mjukt ytre dukka opp og fram til tida då kontinenta starta å verte dominert av store, relativt sofistikerte krypdyr og relativt moderne planter. Den nedre (eldste) grensa vert typisk sett til då dei første trilobittane og archeocyathidane dukka opp. Den øvre (yngste) grensa er sett til ei stor utryddingshending 300 millionar år seinare, som vert kalla permutryddinga. I nyare tid set ein den nedre grensa til då dei særeigne sporfossila Trichophycus pedum dukka opp første gong.

I starten av æraen var alt liv avgrensa til bakteriar, algar, svampar og ei gruppe gåtefull organismar kalla edicarafaunaen. I starten av perioden oppstår særs mange nye organismar nesten samstundes, eit fenomen som har fått namnet den kambriske eksplosjonen. Det er spor på at enkle livsformer kan ha gått på land alt i starten av paleozoikum, men planter og dyr byrja ikkje å kolonisere landjorda for fullt før silur, og blomstra ikkje før i devontida. Sjølv om primitive virveldyr er kjende heilt frå starten paleozoikum var dyreverda dominert av virvellause dyr fram til midten av palezoikum. Fiskebestanden eksploderte i devontida. Seint i paleozoikum byrja store skogar av primitive planter å dekke store landområde og desse danna dei store kolførekomstane i Europa og aust i Nord-Amerika. Mot slutten av æraen hadde dei første store, sofistikerte øglene og dei første moderne plantene (bartre) utvikla seg.

Tektonikk[endre | endre wikiteksten]

290 global.gif

Geologisk startar paleozoikum kort tid etter at superkontinentet Pannotia braut opp i mindre delar mot slutten av ei global istid (sjå kryogenium og snøballjorda). Gjennom tidleg paleozoikum var landmassane på jorda brote opp i ei rekkje mindre kontinent. Mot slutten av æraen samla desse kontinenta seg saman til eit nytt superkontinent som vert kalla Pangaea, som bestod av nesten heile landmassen på jorda.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i tidleg kambrium var truleg moderat i byrjinga, men vart gradvis varmare gjennom kambrium. Gondwana flytta seg derimot raskt sørover og la seg direkte over Sørpolen. Klimaet i tidleg paleozoikum var sterkt sonalt, og det førte til at «klimaet» på sett og vis vart varmare, men områda der kontinenta og livsformene var vart kaldare. Baltica (Nord-Europa og Russland) og Laurentia (austlege delar av Nord-Amerika og Grønland) vart verande i den tropiske sona, medan Kina og Australia låg i farvatn som i det minste var tempererte. Tidleg paleozoikum enda heller brått med ei kort, tilsynelatande streng, istid. Denne kuldebølgja førte til den nest største utryddingsprosessen i fanerozoikum. Etter kvart vart klimaet varmare igjen.

I midten av paleozoikum var klimaet stabilt. Havnivået auka igjen etter at isen under istida smelta. Baltica og Laurentia slo seg saman og bitar av Gondwana stara å flytte seg nordover til område med relativt varmt, og grunt hav. Etter kvart som plantene fekk fotfeste på jordoverflata auka oksygennivået i atmosfæren, medan karbondioksidnivået fall. Temperaturgradienten mellom nord og sør vart då kanskje mindre og/eller dei fleircella dyra vart meir hardføre.

I sein paleozoikum skjedde det fleire ting ein ikkje har svar på. Mississippitida byrja med brå auke i atmosfærisk oksygen, medan karbondioksidnivået nådde eit rekordlågt nivå. Dette destabiliserte klimaet og førte til ei, og kanskje to, istider i løpet av karbontida. Desse var langt mindre alvorlege enn den korte istida i sein orodovicium og fekk derfor ikkje så stor innverknad på livet på jorda. I cisuralium hadde nivået til både oksygen og karbondioksid normalisert seg. På denne tida hadde derimot Pangea samla seg og danna eit enormt, tørt innlandsområde som opplevde ekstremt høge temperaturar. Under lopingium fall havnivået, karbondioksidet auka og klimaet vart generelt langt verre, og det heile enda i den katastrofale permutryddinga.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Paleozoikum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fanerozoikum
Paleozoikum Mesozoikum Kenozoikum
Paleozoikum
Kambrium Ordovicium Silur Devon Karbon Perm