Kopaonik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kopaonik (serbisk Копаоник) er eit av dei største fjellområda i Serbia. Det ligg sentralt i Serbia og nordaust i Kosovo. Den høgaste toppen, Pančić er 2017 meter over havet.

Ein nasjonalpark på 118,1 km² dekkjer sentrale område av Kopaonik-platået og vart oppretta i 1981. Fjellet er det lengste i Serbia, meir enn 100 km.

Nebeske Stolice hotell i Kopaonik

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området var eit viktig gruvesenter i mellomalderen og mange saksarar arbeidde i området. I dei dagane var det omfattande handel med Ragusa (Dubrovnik).

Forutan gamle kyrkjer og kloster, finst her festningar frå mellomalderen og før den tid, bygd av det serbiske dynastiet som regjerte her.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

I dag er sport og rekreasjon viktige faktorar for turisme i Kopaonik. På Kopaonik finst eit skisenter, men òg andre ting som luksuriøse hotell og underhaldning trekkjer turistar til området. Skisenteret har 24 skiheisar og 70 km løyper i alle kategoriar.

Nasjonalpark[endre | endre wikiteksten]

Kopaonik om sommaren

Kopaonik nasjonaplark vart grunnlagd i 1981. Lauvskog og naturleg barskog dominerer det meste av parken. Her finst mykje fugl, som raud rapphøne, dverghornugle, tornskate og trelerke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]