Trelerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trelerke
Foto: Rodrigo de Almeida
Foto: Rodrigo de Almeida

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av trelerke
Utbreiinga av trelerke
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Lerkefamilien Alaudidae
Slekt: Lullula
Art: Trelerke L. arborea
Vitskapleg namn
Lullula arborea

Trelerke (Lullula arborea) er ein fugl i lerkefamilien.

Trelerke er ein fåtalig art i Noreg der han har nordvestgrensa for førekomsten sin i Europa. Arten hekkar fåtalig i Oslofjord-området, særleg i Østfold, og vestover til Agder-fylka. Han hekkar òg i dei sørlege delane av Hedmark.[2]

Arten er knytt til glisne furuskogar eller skogbryn ved tørre opne område. Føda består i hovudsak av invertebrater i hekkesesongen, og plantemateriale om vinteren. Trelerka overvintrar i Sør-Europa.[2]

Raudlistevurdering[endre | endre wikiteksten]

Konklusjon: Trelerke blir vurdert til rødlistekategori sårbar VU, på bakgrunn av bestandsestimater og basert på kriteriet D1 (250-1000 reproduserande individ).

Arten blir nedgradert til nær trua NT° sidan bestandane i nabolanda våre tilsynelatande er solide og delvis aukande, noko som betyr at arten kan reetablerast dersom han i periodar skulle forsvinna frå Noreg. Det er likevel behov for kunnskap om bestandsutviklinga i åra framover.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av trelerke Lullula arborea for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 12. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.