Koparkis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koparkis er eit koparhaldig sulfidmineral. Koparkis er det viktigaste koparmineralet i Noreg, og også eit av dei viktigaste ertsminerala i historia om norsk bergverk. Kjende gruver der det har vore drift på koparkishaldig malm er Røros, Sulitjelma, Løkken, Hjerkinn og Skorovatn.
[endre] Nokre data om koparkis
- formel= CuFeS2
- gruppe= sulfid
- krystallsystem= tetragonalt
- kløyving= ufullkomen
- farge= gullgul til messinggul med grønskjer
- strekfarge= grønleg-svart
- hardleik= 3,5 - 4
- tettleik= 4,1 - 4,3
- glans= metallisk
- brot= musleg, ujamnt
- krystallform= tetraedrisk, klaseforma aggregatar