Kovel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 51°13′0″N 24°43′0″E
Kovel
Ковель
by
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Volyn oblast
Rajon Kovel bykommune
koordinatar 51°13′0″N 24°43′0″E
Areal 47,3 km²
Folketal 65 777 (2009)
Tettleik 1 391 / km²
Grunnlagd 1200-talet
 - grunnlagd 2 1518
borgarmeister Oleh Kinder[1]
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 45000
Retningsnummer +380 3352
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kovel
Nettstad: Offisiel nettstad

Kovel (ukrainsk og russisk Ковель, Kovel, polsk: Kowel, hebraisk: כהואל) er ein by i Volyn oblast (provins), nordvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Kovelskyj rajon (distrikt), medan byen sjølv er eit eige rajon i oblastetByen har kring 65 000 innbyggjarar.[2]Kovel har gjeve namn til ein av dei eldste runeinskripsjonane ein kjenner til, men desse vart tapt under andre verdskrigen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kovel, Vokzalnagata, Den andre polske republikken ca. 1918.[3]

Kovel (Kowel) vart først nemnd i 1310.[4] Han fekk byrettar frå den polske kongen Zygmunt Stary i 1518.[4] I 1547 vart Bona Sforza, den polske dronninga, eigaren av Kowel.[4]

Etter delingane av Polen fall byen til Det russiske imperiet for over hundre år. Under første verdskrigen var byen åstad for slaget ved Kovel mellom Sentralmaktene og Det russiske imperiet. I mellomkrigstida var Kovel senter for Kovel fylke i Volhyn voivodskap i Den polske republikken. I andre verdskrigen, etter den tyske invasjonen i Polen og den påfølgjande operasjon Barbarossa vart 18 000 jødar i Kovel myrda av tyskarane, hovudsakleg i august og september 1942. Seinare, i mars og april 1944, var det harde kampar mellom tyskarane og den raude armeen. I 1945 vart området ein del av Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken. Han har vore ein del av det sjølvstendige Ukraina sidan 1991.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]