Volodymyr-Volynskyj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 50°50′53″N 24°19′20″E
Volodymyr-Volynskyj
Володимир-Волинський
by
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
oblast Volyn oblast
høgd 174 moh
koordinatar 50°50′53″N 24°19′20″E
Areal 16,47 km²
Folketal 38 688 (2012)
Tettleik 2 349 / km²
Grunnlagd 900-talet
 - Magdeburgrettar 20. juli 1324
borgarmeister Peter Shanyk
Postnummer 44700-44709
Retningsnummer +380 3342
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: http://www.volodymyrrada.gov.ua/

Volodymyr-Volynskyj (ukrainsk Володимир-Волинський, russisk Влади́мир-Волы́нский, latinsk Lodomeria, polsk Włodzimierz) er ein by i Volyn oblast nordvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Volodymyr-Volynskyo rajon, medan sjølve byen har status som eit eige rajon i oblastet. Byen er det historiske senteret i regionen Volhynia og den historiske hovudstaden fyrstedømet Volhynia. Byen har kring 40 000 innbyggjarar (2012).

Byen er ein av dei eldste i Rutenia og vart truleg grunnlagd på 900-talet. Dei første skriftlege kjeldene som nemner byen er frå 988. I 1366 vart byen polsk, og han låg under Polen-Litauen fram til 1795. Byen vart så russisk, før han etter Den polsk-sovjetiske krigen kom under Polen igjen i 1919. I 1939 vart Volodymyr-Volynskyj innlemma i Ukrainske SSR og Sovjetunionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]