Kráľova hoľa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kráľova hoľa
Kráľova hoľa - Kráľova hoľa
Kráľova hoľa
Høgd over havet 1946 moh
Ligg i/på Flag of Slovakia.svg Slovakia
Fjellkjede Låge Tatra
Koordinatar 48°53′0″N 20°8′0″EKoordinatar: 48°53′0″N 20°8′0″E
Lettaste rute til fots

Kráľova hoľa (tysk Königsberg; ungarsk Király-hegy[1]) er det høgaste fjellet i den austlege delen av Låge Tatra med ei høgd på 1946 meter over havet. Fjellet ligg sentralt i Slovakia. Fire elver spring ut frå foten av fjellet: Čierny Váh, Hnilec, Hornád og Hron. Toppen er lett tilgjengeleg til fots via stia frå Telgárt, samt veg frå Šumiac. Her har ein panoramautsyn over Spiš, Tatrafjella, Liptov og den øvre Hrondalen. Fjellet var nesten heilt avskoga etter tømmerhogst tidleg på 1800-talet, men tregrensa er i dag nesten gjennopppretta til den naturlege høgda på 1650 meter.[2]

Kráľova hoľa er ofte omtalt i slovakisk folkeminner og romantisk dikting som ein trygg stad for heltar og landevegsrøvarar, som Juraj Jánošík. Som ein metafor for heimlande i folkeviser som «Na Kráľovej holi» og og særleg i eitt av dei mest kjende slovakiske dikta,[3] Døden til Jánošík (1862) av Ján Botto, har fjellet vorte eit uoffisielt nasjonalsymbol for slovakarane i lag med Kriváň.

Under det antinazistiske slovakiske nasjonalopprøret gøymde motstandsrørsla Jánošík seg i fjellet. I 1960 vart det bygd ein TV-sendar på toppen. Her står òg ein vêrstasjon og ein stasjon for fjellsikringstenesta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Királyhegy - Lexikon
  2. Štefan Valentovič, et al. Slovenský biografický slovník, II zväzok E-J. 1987.
  3. Felicitas Maukšová, «Recepcia Bottovej Smrti Jánošíkovej v školskej praxi.» I: Július Bolfík, ed. Ján Botto – život a dielo... 1983.