Váh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Váh
Váh nær Piešťany
Váh nær Piešťany
Utspring Låge Tatra, Høge Tatra
Munning Donau
Land i nedslagsfelt Flag of Slovakia.svg Slovakia
Lengd 403 km
Middelvassføring 196 m³/s
Nedslagsfelt 10 640 km²

Váh (tysk Waag;[1] ungarsk Vág;[2][3] polsk Wag[4]) er den lengste elva som renn heilt innanfor Slovakia. Ho er ei sideelv til Donau frå venstre og har ei lengd på 403 km, inkludert greina Čierny Váh. Ho har to kjelder, Biely Váh (Kvite Váh) og Čierny Váh (Svarte Váh), som ligg i respektive Høge Tatra og Låge Tatra. Elva renn nordover og vestover i Slovakia og munnar til slutt i Donau nær Komárno.

Frå venstre har ho sideelvane Demänovka, Revúca, Ľubochnianka, Turiec, Rajčanka og Nitra og frå høgre Belá, Orava, Varínka, Kysuca, Biela voda, Vlára, Dubová, Dudváh og Vesle Donau.

Elva består av kanalar og kunstige dammar (Čierny Váh, Liptovská Mara, Bešeňová, Krpeľany, Žilina, Hričov, Nosice, Sĺňava, Madunice, Kráľová og Selice) og det er bygd 16 vasskraftverk langs elva. Dei første vart bygd ut i 1930-åra og talet auka kraftig etter den andre verdskrigen. Den største motorvegen i Slovakia, D1, går langs Váh (BratislavaTrenčínPovažská BystricaŽilina og RužomberokPoprad), samt jernbanelinja BratislavaŽilinaKošice.

Av byar langs elva finn ein Liptovský Hrádok, Liptovský Mikuláš, Ružomberok, Vrútky, Žilina, Bytča, Považská Bystrica, Púchov, Ilava, Dubnica nad Váhom, Nemšová, Trenčín, Nové Mesto nad Váhom, Piešťany, Hlohovec, Sereď, Šaľa, Kolárovo og Komárno.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Cambridge Ancient History. Cambridge University Press. 1970. ISBN 0-521-26335-2
  2. Kocsis, Károly (2001). Ethnic Geography of the Hungarian Minorities in the Carpathian. ss. 73. ISBN 193131375X. 
  3. Felbermann, Louis. Hungary and Its People. 
  4. Wag w Słowniku geograficznym Królestwa Polskiego i innych krajów słowiańskich.