Kraft durch Freude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seebad ProraRügen var eit av naziregimet sine store KdF-projekt.

Kraft durch Freude, («Kraft gjennom glede») KdF, var ein statleg kontrollert fritidsorganisasjon i Det tredje riket, underlagd den «tyske arbeidsfronten» DAF (Deutsche Arbeitsfront).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Inspirasjonen till KdF-rørsla fann nazistane i Benito Mussolinis Italia som i 1925 starta ein statleg fritidsorganisasjon, Opera Nazionale Dopolavoro. Leiaren for Deutsche Arbeitsfront Robert Ley hadde fått kjennskap til organisasjonen under ei vitjing til Italia i 1929. Etter den nazistiske maktovertakinga i Tyskland 1933 kom Ley med framlegg om ein tysk variant. Nazistane valde fyrst namnet Nach der Arbeit men tok seinare Kraft durch Freude (KdF) som var meir slagkraftig for propagandaen. 14. november 1933 godkjende Adolf Hitler planane og to veker seinare vart organisasjonen skipa. Rudolf Hess og Joseph Goebbels deltok under skipingsseremonien.

Verksemd[endre | endre wikiteksten]

KdF organiserte «Bunte Abende», gymnastikk, symjekurs, sykurs, sjakkturneringar og konsertar. Ein støtta òg vaksenopplæring. Den største delen av KdF dreidde seg om organisering av utflukter og reiser. Avdelinga Amt für Reisen, Wandern und Urlaub stod for fire femdelar av omsetninga.

Eit prosjekt under KdF er KdF-Wagen, rett nok aldri levert, men som etter krigen vart Volkswagen Typ 1. Bilen skulle vere ein folkebil, som kvar tysk familie skulle ha råd å skaffe seg. Bilen skulle ikkje koste meir enn 990 riksmark. 300 000 tyske familiar vart knytte til eit spareprogram for å få råd til det. Volkswagen sin heimstad Wolfsburg vart grunnlagd som Stadt des KdF-Wagens for produksjon av KdF-Wagen og fekk sitt noverande namn etter andre verdskrigen.

KdF var òg ansvarleg for kryssarfartya «Wilhelm Gustloff» og «Robert Ley». Ein arrangerte reiser til Noreg, Madeira og Italia. Seebad ProraRügen på den tyske austersjøkysten vart bygt som ferieanlegg for den jamne tyskar, og det står i dag som eit monument over KdF-rørsla og naziregimet. Ei stor satsing vart gjord ved OK i Berlin i 1936 då ein bygde ein "Kraft durch Freude-by" for det tyske publikummet på Olympia-området.

Finansiering[endre | endre wikiteksten]

Medlemer i Deutsche Arbeitsfront var òg medlemer i KdF. Det vil seie at ein majoritet av tyske industriarbeidarar, arbeidsgjevarar og statleg tilsette var medlemer der. Medlemene betalte kvar månad ei medlemsavgift på minst 50 riksmark. Den store majoriteten av KdF-medarbeidarar arbeidde utan betaling. I 1937 hadde KdF 106 000 medarbeidarar utan løn og 4 400 med løn. Inntektene til Deutsche Arbeitsfront auka frå 281 millionar riksmark i 1933 til 538 millionar riksmark 1939. Brorparten var medlemsavgifter. Deutsche Arbeitsfront gjekk i 1934 inn i KdF med 8 millionar riksmark, 14,3 millionar i 1935 og 1938 med 32,5 millionar. Forventningane om at KdF skulle vere sjølvfinansierande gjennom reisene ein arrangerte, slo aldri til.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Dei som hadde betalt inn pengar i spareprogrammet fekk etter andre verdskrigen kupongar som kunne nyttast til å kjøpe ein Volkswagen når serieproduksjonen kom i gang etter krigen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Tysk wikipedia [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]