Kristning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kristning er ein prosess som kan gjelde individ eller samfunn.

«Olav den Helliges død» måla av Peter Nicolai Arbo (1859)

Kristninga av Noreg er rekna som den epoken då kristendommen vart innført i Noreg, helst under kristningskongane Olav I Tryggvason fram mot år 1000 og Olav II Haraldsson fram mot år 1030.

900-talet var ei oppløysingstid for dei gamle norrøne trusformene. I dette hundreåret gjorde kristen misjon seg gjeldande med full styrke, dels av framande misjonærar, dels av heimvendte vikingar og dels av rikskongane og delar av hirda deira. På Vestlandet har arkeologar påvist kristne impulsar frå omkring år 700. På Austlandet vart den nye læra kjend på midten av 900-talet, kanskje gjennom tyske misjonærar.

Harald Hårfagre sitt samband med Wessex hadde mykje å seie for innføringa av den nye læra. Harald sende Håkon, son sin, til England der han vart oppfostra hos den engelske kongen Adalstein. Etter at Håkon vart konge i Noreg fremja han kyrkja si sak, og fekk presteskap frå England til landet. Håkons freistnad på å kristne landet stoppa på Mære og i Trøndelag, der han måtte bøye seg for bøndene som kravde å få dyrke dei gamle gudane.

Ei tid stod den gamle og den nye trua side om side i landet. Slik vart den nye trua kjend, og grunnlaget vart lagt for det endelege gjennombrotet som kristendommen fekk under Olav Haraldsson.

Det var kongemakta som var den viktigaste pådrivaren bak innføringa av kristendommen i Noreg. Kristninga vart ifølgje Snorre gjennomført med tvang og vald og truslar om vald. Kristningskongane Olav I og II gjekk hardt fram i kristninga av landet. Men grunnlaget for trusskiftet var i store delar av landet lagt på førhand. Håkon Adalsteinfostre brukte aldri sverdet i kampen for å innføre den nye religionen i landet, noko som var ein strategi i angelsaksisk ånd.

I 1024 vart det vedteke på Mostertinget at kristendommen skulle bli den einaste tillatne religionen i landet. Slaget på Stiklestad der Olav II Haraldsson fall i 1030, er rekna som det endelege gjennombrotet for kristninga av det norske samfunnet.


Kjelder:[endre | endre wikiteksten]