Håkon I av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Håkon den gode
Adalsteinsfostre
Haakon den godes saga - Haakon jarlesonnen flipped - C. Krohg.jpg
Konge av Noreg
Regjeringstid ca. 933-ca. 961
Andre namn norrønt Hákon góði, Hákon Aðalsteinsfóstri
Håkon Haraldsson
Fødd ca. 918Håkonshella
Død 961 ved slaget ved Fitjar
Føregjengar Eirik I Blodøks
Born Tora Håkonsdotter

Håkon I (om lag 920-960) var konge av Noreg frå 935. Håkon var yngste sonen til Harald Hårfagre og Tora Mosterstong, og bror til Eirik Blodøks. Soga fortel at Tora var om bord på båt då ho skulle få barnet. Skipet la til land, og der ho fødde, heiter det Håkonshella. Tilnamnet «Adalsteinsfostre» fekk Håkon etter å ha hatt kong Adalstein av England som fosterfar. I England vart Håkon oppdregen i den kristne trua, og er difor kjend som den fyrste kongen som prøvde å kristna Noreg. Han mislukkast på grunn av stor motstand.

Oppfostring i England[endre | endre wikiteksten]

Håkon var om lag ti år gamal då han vart send til England, til kong Æðelstán (Adalstein i sogene) for å oppfostrast der. I Heimskringla vert dette framstilla som om Harald Hårfagre narra Adalstein til å ta imot guten. Men kongen hadde hatt mange unge søner frå fyrstehus over heile Europa til oppfostring. Hjå han lærte dei statsmannskunst, militær leiing og politisk strategi. Og dei fekk ålmenutdanning, mellom anna ved det berømte klosteret ved Glastonbury i Wessex. Ein av dei som må ha vore hjå kong Adalstein samstundes med Håkon var ein frankisk prins.

Konge[endre | endre wikiteksten]

Då Håkon var om lag 20 år gamal vende han heim til Noreg. Broren Eirik Blodøks, som òg hadde ønska seg kongsmakt, måtte rømma landet då Håkon Adalsteinsforstre kom attende til Noreg for å ta kongemakta. Eirik var dårleg likt på grunn av rå framferd, med plyndring og herjing. Håkon fekk difor stønad frå dei norske hovdingane. Slik vart Håkon konge av Noreg.

Det er tydeleg at Håkon fekk bruk for lærdomen frå England. Noko av det fyrste som skjedde var at han reforhandla dei gamle avtalane som faren hadde hatt med jarlane av Møre og Lade. Dette hadde ikkje Eirik klart, og det er truleg ein av grunnane til at han var mislukka som konge. Men Håkon gjenoppretta føderasjonen, han vart anerkjent som overkonge av jarlane, og dermed hadde han gjenreist faren sitt gamle samlingsverk.

Håkon den gode vert særleg knytt til to store reformer i retning av organisatorisk samling av riket, nemleg «leidang» og «lagting». Skipnaden gjorde mogleg eit meir formalisert samarbeid mellom kongen og bondefolket. Håkon bygde òg ut ei eksisterande lokal tingordning til å dekka større geografiske einingar. Desse ser i fyrste omgang ut til å vera nokonlunde identisk med hans eige vestlandsrike (Gulatingslagen) og området til hans nære ven og allierte Sigurd jarl (Frostatingslagen).

Kristen tru[endre | endre wikiteksten]

Håkon den Gode og bøndene ved blotet på Mære. Oljemåleri av Peter Nicolai Arbo.

Det er heva over ein kvar tvil at Håkon må ha vore døypt som kristen under opphaldet i England. Han hadde fått ei for tida omfattande teologisk utdanning, og at han hadde med seg prestar til landet. Dei tidlegaste sogene fortel eintydig at han lét byggja kyrkjer, og at han fekk tak i prestar til desse kyrkjene. Likevel er han framstilla for ettertida som om han gjekk over til heidendomen igjen. Ein grunn til dette kan vera ei detaljert skildring i Heimskringla om eit par hendingar i Trøndelag ein gong rundt 950-54. Håkon var då i Trøndelag og besøkte Sigurd jarl. Han var med Sigurd og møtte trønderhovdingane, fyrst på Frostatinget der han kom i kraftig munnhoggeri med hovdingane. Så kom Håkon til haustblotet på Lade, der han drakk ein skål til Odin, men han fekk lista seg til å gjera krossteiknet over drikkehornet. Men på juleblotet på Mære måtte han drikka alle skålane utan krossteiknet, og til og med eta nokre bitar med hestelever. Dette vert av sogeforfattarane tolka som at han hadde sagt frå seg kristendommen.

Eirikssønene[endre | endre wikiteksten]

Håkon måtte fleire gonger verja landet mot brorsønene sine, Eirikssønene, som samarbeidde med danskekongen Harald Blåtann. Danskekongen var bror av dronning Gunnhild, mor deira. Ekteskapet mellom Gunnhild og Eirik var etter alt å dømma eit politisk trekk av Harald Hårfagre for å passivisera dansk aggresjon mot riket. Danskekongen var allereie tungt inne i handelen med Aust-Noreg, men handelsruta frå nordområda langs kysten av Vestlandet må ha vore særs innbringande og fylgjeleg særs attraktiv. Og det var denne handelen Harald Hårfagre sat og hadde kontroll med.

Som nemnt måtte Eirik rømma landet, men Gunnhild og hennar fire søner sat i Danmark. Sønene hadde arverett etter Harald Hårfagre, og dei byrja å komma til skjells år og alder. Harald Blåtann let ikkje dette høvet gå frå seg til å prøva ta kontroll over resten av Noreg. Eirikssønene vart rusta til invasjon og sendt nordover. Dette var nettopp sommaren etter blota i Trøndelag, og det skulle visa seg at Håkon sin ettergjevnad med trønderhovdingane hadde vore særs klok politikk. Trønderane stilla opp på Håkon si side. Hærane møtte kvarandre i eit spektakulært slag ved kongsgarden på Avaldsnes. Guttorm Eiriksson vart drepen, og danskane rømde.

Det gjekk eit par år, så prøvde dei seg igjen. Denne gongen kom Eirikssønene med ein nesten utelukkande dansk hær heilt opp til Møre. Der sat Håkon på garden Birkestrond som ligg på Freiøya i Kristiansund. Danskane kom overraskande på dei, og det var ikkje tid til anna enn å raska saman folk frå gardane i nærleiken. Likevel klarte Håkon å slå fienden, i det som er kjent som slaget på Rastarkalv, og jaga dei heim til Danmark.

I 961 (eller 960) prøvde Eirikssønene seg for tredje gong. Dei kom med ein stor hær opp til Fitjar på Stord i Sunnhordland. Slaget ved Fitjar vart eit av dei meir dramatiske, men det ser ut som om Håkon også denne gongen klarte å jaga danskane på flukt. Men han vart treft av ein pil i skuldra i sluttfasen av kampen. Soga seier at pila var ein flein, ein slags spesialpil med ein spiss som skulle laga særs djupe og blødande sår. Dei klarte ikkje å stoppe blødinga. Kongen ville heim til kongsgården på Alrekstad, men ved Håkonshella blødde han i hel.

Håkon hadde ei dotter, Tora, men ingen son som kunne arva kongedømet. Soga seier at han på dødsleiet gav beskjed om å kontakta Harald Eiriksson, den eldste av Eirikssønene, som no var den næraste til å arva han. Det vart gjort, og Harald, som etter kvart vart kjent som Harald Gråfell, vart overkonge i Noreg etter Håkon den gode.

Håkonshaugen på Seim.

Ettermæle og minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Håkon den gode vart såra i eit slag og gravlagd på kongsgarden Seim i Nordhordland.

Soga om Håkon vart skriven ned av islendingen Snorre Sturlason (Snorri Sturluson). Soga er ein del av dei norske kongesogene i Heimskringla.

I 1961 vart det sett opp eit monument over Håkon den gode i Fitjar, laga av bilethoggaren Anne Grimdalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Håkon I av Noreg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]