Kunnskapsdagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Den fyrste klokka» i Ukraina i 2015.

Kunnskapsdagen (russisk День Знаний), ofte berre kalla 1. september, er ein dag då skuleåret tradisjonelt byrjar i Russland og mange andre tidlegare sovjetrepublikkar, i tillegg til andre land i den tidlegare Austblokka og i Israel. Det finst unntak, som Romania, der dagen fell på 11. september, det tidlegare Aust-Tyskland, der tidspunktet varierer, og Aserbajdsjan, der dagen fell på 15. september)

Logo frå kunnskapsdagen i Sovjetunionen i 1986.

Kunnskapsdagen oppstod i Sovjetunionen, der han blei etablert gjennom eit dekret frå Presidiumet til det øvste sovjetet den 15. juni 1984.[1] Leiaren for Krasnodar skule, Brjukhovetskij Fedor Fedorovitsj, spelte ei viktig rolle i innføringa av den nye feiringa.[2]

Dagen markerer slutten på sommaren og byrjinga på hausten. Han har ei særskild tyding for nye fyrsteklassingar som den fyrste skuledagen deira. Ofte har dei ei festleg samling denne dagen. På dagen har ein også ei «fyrste klokke» (Первый Звонок), som typisk er ei bjølle som blir ringt av ein ny elev som sit på skuldrene til ein tiandeklassing.[3] Elevar i andre klassar kan byrja skuleåret 1. september eller nokre dagar seinare, vanlegvis utan nokre særskilde feiringar.

I Israel markerer ein også kunnskapsdagen den 1. september, grunna mykje innvandring frå område der han er blitt feira.

Slutten av skuleåret kan markerast som «siste skuleklokkedagen».

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Gisseltakinga i Beslan[endre | endre wikiteksten]

På kunnskapsdagen, 1. september 2004, blei alle som var ved Skule nummer 1 i Beslan i Nord-Ossetia i Russland tekne som gislar av den tsjetsjenske terroristgruppa Riyadus-Salikhin. Gisseldramaet i Beslan varte i tre dagar, og enda då russiske tryggleiksstyrkar storma bygningen. 333 av gislane døydde, av dei 186 barn. Handteringa av gisseltakinga frå dei russiske styresmaktene fekk store politiske følgjer.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Указ Президиума ВС СССР от 15.06.1984 N 373-XI "Об объявлении 1 сентября всенародным праздником - Днем знаний"
  2. «День знаний - 1 сентября». Какой Сегодня Праздник. 
  3. «"ПЕРВЫЙ звонок" это», didacts.ru (på russisk), henta 22. april 2023 
  4. «Beslan school attack | Siege, Massacre, & Aftermath | Britannica». www.britannica.com (på engelsk). Henta 1. september 2022.