Austblokka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Austblokka i Europa.

Austblokka var ei nemning på fleire statar med offentleg erklært sosialistisk eller kommunistisk styre i Aust- og Sentral-Europa under den kalde krigen. Omgrepet inkluderte landa i Warszawapakta i tillegg til Jugoslavia og Albania, med Sovjetunionen som den fremste staten og største maktfaktor.[1] [2]

Dei fleste av austblokklanda var kontrollert av Sovjetunionen; Ungarn og Tsjekkoslovakia vart òg okkupert av Sovjetunionen. I tillegg fanst det land som vart oppfatta som meir nøytrale, statar som var styrte av kommunistiske parti, men som likevel klarte å unngå å verte styrt av Sovjetunionen, slik som Albania og Jugoslavia.

Omgrepet står i motsetning til Vestblokka, òg omtalt som vesterlanda, «den vestlege verda» eller meir retorisk som «den frie verda», som grovt rekna omfatta landa i NATO.

Landa i austblokka omtalte seg sjølve som folkedemokrati og sosialistiske statar. Omgrepet «Jernteppet» vart nytta for å markere det geografiske skiljet mellom aust- og vestblokka. Berlinmuren, som skilte den austtyske hovudstaten frå den vesttyske hovudstaten, var eit kjend symbol på det fysiske skiljet mellom dei vestre og dei austre statane.

Austblokkland[endre | endre wikiteksten]

Austblokkland i Europa dominert av Sovjetunionen
Andre austblokkland i Europa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eastern bloc, The American Heritage New Dictionary of Cultural Literacy, Third Edition. Houghton Mifflin Company, 2005
  2. Hirsch, Donald; Kett, Joseph F.; Trefil, James S. (2002). The New Dictionary of Cultural Literacy. Houghton Mifflin Harcourt. p. 230. ISBN 0618226478.