Kunstnernes Hus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°55′9.7572″N 10°43′50.761″E

Kunstnernes Hus ved Slottsparken i Oslo med bronseløvane til Ørnulf Bast[1] utanfor hovudinngangen.
Foto: Podzemnik

Kunstnernes Hus er eit kunstgalleri i Oslo. Det er den største visningsstaden driven av kunstnarar i Noreg for norsk og internasjonal samtidskunst.

Kunstnernes Hus ligg i Wergelandsveien ved Slottsparken i sentrum av Oslo. Huset opna i 1930 som ei sjølvstendig stifting eigd av norske kunstnarar, og mottek finansiell stønad frå Kulturdepartementet. Institusjonen vert styrd av eit styre med fem medlemer. Fire av desse er kunstnarar, den femte er peika ut av Kulturdepartementet.

I tillegg til eit utstillingsprogram sett i hop av styret, vert Haustutstillinga og Stipendutstillinga synt i Kunstnernes Hus kvart år. Desse utstillingane er organisert av Norske Billedkunstnere (NBK).

Kunstnernes Hus er formgjeve av arkitektane Gudolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas, og vert rekna som eit viktig døme på funksjonalisme i arkitektur i Noreg. Kunstnernes Hus og arkitektane fekk Houens fonds diplom i 1931. [2]

Huset hyser òg Kunstnernes Hus Bar & Restaurant og Office for Contemporary Art Norway.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kunstnernes Hus - historikk
  2. Houens Fonds Diplom frå Norske Arkitekters Landsforbund

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kunstnernes Hus