Kurt Waldheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Kurt Waldheim (21. desember 191814. juni 2007) var ein austerrisk diplomat og konservativ politikar. Han tente som generalsekretær for Dei sameinte nasjonane frå 1972 til 1981 og som austerriksk president frå 1986 til 1992.

Barndom og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Kurt Waldheim vart fødd i Sankt Andrä-Wördern, ein landsby nær Wien i Austerrike den 21. desember 1918. Far hans var ein katolsk skoleinspektør og ein aktiv kristensosialist. Waldheim tok utdanning ved konsulatakademiet i Wien, og tok eksamen i 1936. Han anses for å ha vore politisk nøytral i denne perioden.

Nazist-tilknytingar[endre | endre wikiteksten]

Eit stutt bel etter at Tyskland annekterte Austerrike i 1938 søkte Waldheim om medlemskap i den Nasjonalsosialistiske tyske studentsameininga.

Militær karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1941 vart Waldheim rekruttert til den tyske Wehrmacht og send til austfronten, kor han tenestegjorde som skvadronleiar. Han vart såra tidleg i 1941, og vart i følgje biografien sin dimmitert på grunnlag av uføre, og vende attende til Wien for å fullføre doktogradsstudier i juss. Dokumentasjon har vorte funnen i seinare tid som prover at Waldheim tenestegjorde mykje lenger enn berre fyrste del av 1941: i 1943 tenestegjorde han under general Alxander Löhr, ein austerrikar som vart avretta i 1947 for krigsbrotsverk, då særleg for si rolle i transportasjonen av 40 000 jødar til Auschwitz. Waldheim vart med tida overløitnant for motstandsnedkjemping (Feindaufklärung) i Tessaloniki under General Löhr. I 1986 hevda Waldheim at han berre arbeidde som tolk og sekretær, og at han ikkje hadde noko kjennskap til åtak på sivile eller massakrar i naboprovinsen Jugoslavia, men augevitner og rapportar hevdar at han var til stades på stabmøter kor desse sakene vart diskuterte.

I 1945 overgav han seg til Britiske styrkar i Kärnten, etter å ha flykta frå si stilling under General Löhr.

Diplomatisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Waldheim byrja arbeide for den austerrikske diplomattenesta i 1945 etter å fullførd jussstudia ved Universitetet i Wien. Han tenestegjorde mellom anna i utanriksdepartementet i Wien frå 1951 til 1956, då han vart utnemnd til ambassadør til Canada. Han vende attende til utanriksdepartementet i 1960, og vart utnemnd som permanent utsending for Austerrike til Dei sameinte nasjonane i 1964. Frå 1968 til 1970 tenestegjorde han som utanriksministar, men vende attende til si stilling for Austerrike i SN i 1970. Han stilte til det austerikske presidentvalet i 1971, men tapte. Same året vart han utnemnd som etterfylgjar for U Thant som generalsekretær for SN. Han vart attvald i 1976, tross noko motstand. I 1986 stilte han til val for ein tredje Som som generalsekretær, men Kina nedla veto i Tryggingsrådet, og den peruvianske diplomaten og politikaren Javier Pérez de Cuéllar ettefylgde han.

President av Austerrike og Waldheimaffæren[endre | endre wikiteksten]

Waldheim tapte det austerikske presidentvalet i 1971, men då han stilte i 1986 lukkast han. I 1986 byrja òg det som seinare vart kjend som Waldheimaffæren. Før presidentvalet røpa Alfred Worm i det austerikske vekemagasinet Profil at fleire delar av perioden 1938 til 1945 ikkje vart omtala i Waldheim si nyutgjeve sjølvbiografi. Kort etter vart det avslørd at Waldeim hadde loge om tenestetida si i SS-kavaleristyrkane. I staden for sanninga om tenesten si, hadde Waldheim skreve at han vart såra og studerte juss i Wien dei siste åra av krigen. Det vart spekulert mykje ikring Waldheim sine aktivitetar i denne perioden, og han vart anklaga for anten å vere involvert i eller medverkande til krigsbrotverk.

Gjenom heile presidentskapen sin var Waldheim og kona Elisabeth personae non gratae av ein rekkje land. I løpet av dei seks åra han var president vitja Waldheim Midtausten og Vatikanstaten, men aldri andre europeiske statar eller USA.

Den austerikske regjeringa oppnemnde ein komité av internasjonale historikarar til å granske Waldheim sitt liv mellom 1938 og 1945. Rapporten slo fast at Waldheim truleg visste om krigbrotverka, men ikkje var personleg involvert. Denne rapporten vart omstridt av somme.