Kvartermeister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kvartermeister (forkorta Kvm) er den lågaste befalsgraden i Sjøforsvaret. Tilsvarande grad i Hæren og Luftforsvaret er sersjant. Desse gradene er restar av det gamle underoffiserskorpset og er ikkje offiserar. Personell som har fullført befalsskulen vert som regel utnemnd til kvartermeister i pliktåret. Desse vert utnemnd til fenrik etter eitt år. Det er mogeleg for vernepliktige å bli utnemnd til mellombels kvartermeister under fyrstegongstenesta. Då har dei raud stripe på same måte som ein kvartermeister-aspirant og misser graden ved dimmisjon. I tillegg kan personar med spesiell kompetanse tilsetjast som kvartermeister etter fullført fyrstegongsteneste i påvente av gjennomføring av befalskurs. Dette kan føre til at ein beheld graden lenger enn eitt år.

Grad under:
Korporal

Hæren og Luftforsvaret
Militære gradar

Grad over:
Fenrik

Grad under:
Utskriven leiande meinig

Sjøforsvaret
Militære gradar

Grad over:
Fenrik

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]