Major
Major (frå latin «større») er ei militær grad for offiserar på mellomnivå, vanlegvis rett over kaptein og rett under oberstløytnant.
Graden major oppstod på engelsk som eit suffiks til visse militære stillingar, vanlegvis for å indikere ein høgere rang enn andre i same stilling. Den vanlegaste bruken av ordet major i ei grad, og den første som er registrert på engelsk, var i tittelen sersjantmajor (sergeant-major), nummer tre i kommandorekka i eit regiment. I fleire europeiske orlogsflåtar blei major brukt i tittelen Pilot-Major for ein overordna dekksoffiser på eit skip til forskjell frå kapteinen, som ofte var ein arméoffiser med lite maritim kunnskap, utnemnd for å leie oppdraget til skipet.
Innan Den engelske borgarkrigen var major blitt ei eigen grad og blei tildelt offiserar på middels nivå på slagmarka. Den blei mest brukt på offiserar som tenestegjorde som adjutant for ein høgare general. På 1800-talet var major i bruk som eigen grad i nesten alle armear i den vestlege verda. Den utvikla seg raskt til ein høgare stabsstilling og blei sett på som den første av felt- eller kommandogradene, til forskjell frå kaptein og under, som blei rekna som kompanigrader. Majorgrada sitt symbol er ei stjerne mellom to striper som går kant i kant med klaffen. I Noreg blir grada ofte brukt for avdelingsleiarar (skvadronssjefer i Luftforsvaret). Den tilsvarar orlogskaptein i Sjøforsvaret.
|
Grad under: |
Hæren og Luftforsvaret |
Grad over: |
|
Grad under: |
Sjøforsvaret |
Grad over: |
Sjå også [endre]
Hæren/Luftforsvaret: Meinig/Flysoldat – Korporal – Sersjant – Fenrik – Løytnant – Kaptein – Major – Oberstløytnant – Oberst – Brigader – Generalmajor – Generalløytnant – General
Sjøforsvaret: Utskriven meinig – Utskriven leiande meinig – Kvartermeister – Fenrik – Løytnant – Kapteinløytnant – Orlogskaptein – Kommandørkaptein – Kommandør – Flaggkommandør – Kontreadmiral – Viseadmiral – Admiral