Brigader

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Brigader er ein militær grad som rangerer over oberst og under generalmajor, som alternativ til brigadegeneral.

Han blir som regel nytta av arméar, flyvåpen og marineinfanteri, blant anna i Noreg, Storbritannia, Australia og New Zealand. Graden svarer til flaggkommandør i Sjøforsvaret.

Brigader blir rekna som den øvste feltoffisersgraden og er derfor snarare ei høgare form for oberst enn ei lågare form for general, på same måten som kommandør (engelsk: commodore; i Noreg flaggkommandør) er i marinane. Graden har blitt tilkjent NATO-status som likeverdig med brigadegeneral, som er ein generaloffisersgrad.

Graden blei innført i Noreg i 1997 som erstatning for oberst I for å standardisere med resten av NATO.

Grad under:
Oberst

Hæren og Luftforsvaret
Militære grader

Grad over:
Generalmajor

Grad under:
Kommandør

Sjøforsvaret
Militære grader

Grad over:
Kontreadmiral

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]