Kvitsoleie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvitsoleie


Ranunculus platanifolius (Platanen-Hahnenfuß) IMG 3503.JPG

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Ranunculales
Familie: Ranunculaceae
Slekt: Ranunculus
Art: C. platanifolius
Vitskapleg namn
Ranunculus platanifolius

Kvitsoleie er ei 4-12 dm høg plante som veks i frodige og fuktige lier, spesielt i bjørkebeltet, men også over tregrensa og i låglandet. Her i landet er arten først og fremst utbreidd i Sør-Noreg, frå Vest-Agder i sør og nordover til sør i Nordland. På Sørøya i Finnmark finst ein isolert førekomst. I Jotunheimen er planta funnen opp til 1400 m.o.h. Elles finst kvitsoleia over store delar av Europa.

Planta har ein høg, snau stengel, store, handdelte blad og langskafta, kvite blomar. Begerblad og kronblad fell tidleg av. Blomstrar omkring juni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tysk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.