Kwame Nkrumah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kwame Nkrumah

Fødd21. september 1909
Nkroful
Død27. april 1972 (62 år)
Statsborgar avGullkysten, Ghana
Yrkepolitikar, skribent, diplomat, foreleser
Utdanna vedLincoln University
London School of Economics
University of Pennsylvania Graduate School of Education
Achimota School
Lincoln University
EktefelleFathia Nkrumah
BarnGamal Nkrumah, Samia Nkrumah, Sekou Nkrumah
MedlemPhi Beta Sigma
Alle verv
  • Ghanas president (1960–1966)
  • Organisasjonen for afrikansk enhets formann (1965–1966)
  • Ghanas statsminister (1957–1960)
  • Ghanas utenriksminister
  • Medlem av Det kongelige råd
  • medlem av Ghanas parlament
  • Minister for the Interior of Ghana
  • Member of the 1st Parliament of the Gold Coast (1951–1954)
  • Member of the 2nd Parliament of the Gold Coast (1954–1956)
  • Member of the 1st Parliament of the 1st Republic of Ghana (1956–1960)
  • Minister for Defence (1959–1960)
  • Guineas president (1966–1972) Sjå dette på Wikidata

Kwame Nkrumah (21. september 190927. april 1972) var ein ghanesisk politikar som vert rekna som ein av dei tydelegaste nasjonalistpolitikarane og frontfigurane i den afrikanske kampen for sjølvstende frå kolonistyret.[1]Ghana vart sjølvstendig vart Nkrumah statsminister, og deretter president, i landet frå 1957 fram til kuppet i 1966.[2] Han vert rekna som ein av grunnleggarane av panafrikanismen. Nkrumah var sosialist og var inspirert av Karl Marx,[3] han var også inspirert av den vitskaplege sosialismen etter mønster frå Friedrich Engels.[treng kjelde]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nkrumah vart fødd i Nkroful i Gullkysten (seinare Ghana), og heitte opphavleg Francis Nwia-Kofi Ngonloma. Etter å ha gått på Achimota School i Accra, og deretter på det romersk-katolske seminaret i Amisano, arbeidde han som lærar på ein katolsk skule i Axim. Seinare reiste han til USA, og studerte ved Lincoln University i Pennsylvania. I 1942 fullførte han ein mastergrad (MSc) i utdanning, og i 1943 ein mastergrad (MA) i filosofi ved dette universitetet.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1945 flytta han til London for å studere ved London School of Economics and Political Science. Men etter å ha treft George Padmore vart han involvert i organiseringa av den sjette pan-afrikanske kongress i Manchester. Han engasjerte seg i arbeidet for dekolonisering av Afrika, og vart viseformann i den vestafrikanske studentunionen i England.

Nkrumah vende heim til Gullkysten i 1947, og gjekk inn i United Gold Coast Convention (UGCC), leia av Joseph B. Danqauh. Same år grunnla han eit nytt parti, Convention Peoples Party (CPP), med mottoet Sjølvstyre no. Han forlèt UGCC i 1949, og i desember det året sette han i gang masseaksjonar – boikott, streik og sivil ulydnad – mot dei britiske styresmaktene. Han vart arrestert av britane i januar 1950. Britane bestemte seg for å gje kolonien sjølvstende, og utlyste val til ein lovgjevande forsamling i januar 1951. Nkrumah, som framleis sat fengsla, vann eit sete. Han vart sett fri i februar 1951, og vart invitert til å leide ein overgangsregjering saman med den britiske guvernøren.

Statsminister[endre | endre wikiteksten]

Den 6. mars 1957 vart Ghana erklært uavhengig, og Nkrumah vart utnemnd til statsminister. Landet hadde først den engelske monarken som statsoverhovud, men vart i 1960 republikk. Ei økonomisk nedgangstid følgde, og det oppstod uro. Nkrumah overlevde eit attentat. I 1964 valde han å erklære Ghana som eittpartistat, med seg sjølv som president for livstid. Under eit besøk i Beijing og Hanoi i 1966 vart han avsett saman med regjeringa si etter eit militærkupp.[1]

Eksil[endre | endre wikiteksten]

Nkrumah kunne ikkje vende tilbake til Ghana, og levde derfor i eksil i Guinea. Han fortsette derifrå sitt arbeid for panafrikansk eining. I april 1972 reiste han til Romania for å få medisinsk behandling, og døydde der.

Han skreiv fleire bøker, blant anna Kvifor Afrika må einast (1963), Den afrikanske personlegdomen (1963), Handbok for revolusjonær krigføring (1968) og Klassekamp i Afrika (1970).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eriksen, Tore Linné: Kwame Nkrumah i Store norske leksikon på snl.no. Henta 9. mars 2024.
  2. «Kwame Nkrumah» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 9. mars 2024. 
  3. «Osagyefo Dr. Kwame Nkrumah» (på engelsk). Kwame Nkrumah Memorial Park. Henta 9. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kwame Nkrumah
Spire Denne politikkartikkelen som har med Afrika å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.