Elizabeth II av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elizabeth II
Elizabeth II.jpg
Dronning av Storbritannia og Det britiske samveldet
Regjeringstid 6. februar 1952
Fullt namn Elizabeth Alexandra Mary Windsor
Titlar Dronning av Storbritannia
Dronning av Antigua og Barbuda
Dronning av Australia
Dronning av Bahamas
Dronning av Barbados
Dronning av Belize
Dronning av Canada
Dronning av Grenada
Dronning av Jamaica
Dronning av New Zealand
Dronning av Papua Ny-Guinea
Dronning av Saint Kitts og Nevis
Dronning av Saint Lucia
Dronning av Saint Vincent og Grenadinene
Dronning av Salomonøyene
Dronning av Tuvalu
Fødd 21. april 1926, Mayfair i England i Storbritannia
Føregjengar Georg VI av Storbritannia
Ektefelle Philip av Edinburgh
Hus Windsor
Far Georg VI av Storbritannia
Mor Elizabeth av Storbritannia
Born Charles av Wales
Anne av Storbritannia
Andrew av York
Edward av Wessex

Elizabeth II (fødd 21. april 1926) er regjerande dronning av Storbritannia og Det britiske samveldet.

Ho blei fødd i Mayfair i London i England som eldste dotter av kong Georg VI (18951952) og Elizabeth Bowes-Lyon (19002002).

Elizabeth vart regjerande dronning etter at far hennar døydde den 6. februar 1952. Same dagen vart ho utropt til dronning av tronfylgjerådet, men ho var då på statsbesøk i Kenya. Kroninga fann stad eitt år seinare, den 2. juni 1953 i Westminster Abbey. Elisabeth vart i 1955 tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Elizabeth held på tradisjonane i rolla si som dronning. I formelle samanhengar held ho strengt på etiketten som til dømes seier at ingen må røra den kongelege personen, noko fleire utanlandske statsoverhovud har blitt kritisert for å gjera av britisk presse. Ho kler seg konservativt, som regel lett kjenneleg i einsfarga kåper og med store hattar.

Dronninga har halde ein juletale for det britiske samveldet kvart år sidan ho blei dronning, bortsett frå 1969. Ho har aldri gjeve intervju til pressa, og held sine private meiningar om politiske saker for seg sjølv. Som dronning har ho opna og sett på mange kulturelle arrangement, men dei private hovudinteressane hennar er fotografi, veddeløpshestar og hundar, særleg rasen Pembroke welsh corgi.

Tittel[endre | endre wikiteksten]

Dronning Elizabeth II er i personalunion statsoverhovud for Det sameinte kongedømet av Storbritannia og Nord-Irland og desse samveldestatane:

Antigua og Barbuda, Australia, Bahamas, Barbados, Belize, Cook-øyane, Grenada, Jamaica, Canada, New Zealand, Papua Ny-Guinea, Salomonøyane, Samoa, St. Kitts og Nevis, Saint Lucia, St. Vincent og Grenadinane, Tuvalu

Den fulle tittelen som dronning av dei sameinte kongedøma er slik: Elizabeth the Second, by the Grace of God, of the United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland and of Her other Realms and Territories Queen, Head of the Commonwealth, Defender of the Faith. (På norsk: Elisabeth den andre, med Guds nåde, dronning av Storbritannia og Nord-Irland og hennar andre område. Overhovud for Samveldet, forsvarar av trua.) Som statsoverhovud for kvart enkelt samveldeland har ho ein eigen tittel.

Nemninga til dronninga som den andre har skapa misnøgd i Skottland. Elisabeth I hadde nemleg ikkje herska over dette landet, og skottane meinte det var feil å plutseleg skulle få ei Elizabeth II. Fleire nye postkassar med dei kongelege bokstavane E.R. II blei sprengde i protest, og i dag har skotske postkassar berre ei krone som symbol.

Sjølv om det same problemet kunne seiast å gjelda for dei tidlegare kongane William IV og Edvard VII, var det ingen som sa noko imot deira ordenstal. Elizabeth-opprøret var truleg eit teikn på aukande skotsk nasjonalisme. Postkassesprengingane var dei mest valdelege aksjonane skotske nasjonalistar har utført i nyare tid.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Elizabeth II er den siste britiske monarken av slekta Sachsen-Coburg-Gotha, som kom til makta då dronning Victoria av fyrstehuset Hannover døydde i 1901. I 1917 vart namnet på den britiske kongefamilien endra til fyrstehuset Windsor (House of Windsor). Ho er gift med prins Philip av Hellas. Han høyrer til fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg. Det danske og norske kongehuset høyrer til det same fyrstehuset. Sønene av prins Philip er med i det same fyrstehuset som han.

Syster[endre | endre wikiteksten]

Ektemake[endre | endre wikiteksten]

Born[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elizabeth II av Storbritannia