Islamabad
| Islamabad urdu اسلام آباد |
|
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land |
Pakistan |
| Grunnlagd | 1961 |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
906 km² |
| Innbyggjarar - By (1998) - Byområde - Storbyområde |
805 000 524 500 799 000 |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Diverse anna | |
| Telefon-retningsnummer | 051 |
Islamabad (urdu اسلام آباد, 'islam-byen' eller 'fredsbyen') er hovudstaden i Pakistan, oppretta i 1961. Han ligg i hovudstatsterritoriet Islamabad ved foten av Margalafjella, nær Rawalpindi. Sør for byen ligg ei slette som elva Kaurang skjer gjennom.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Opphavleg låg den pakistanske hovudstaden i hamnebyen Karachi i Sindh, men i 1958 bestemte presidenten i Pakistan, Ayub Khan, at han skulle flyttast. Ein komité valde ein stad 14 km nordaust for Rawalpindi i Punjab. Bygginga av byen tok til i 1961 og dei første folka flytta dit to år seinare.
Gatenettet i Islamabad blei laga av den greske byplanleggaren Konstantínos Doxiádes, medan den modernistiske arkitekten Edward Durell Stone frå USA og den italienske formgjevaren Gio Ponti også sette preg på byen.
Geografi [endre]
Islamabad ber preg av å vera ein planlagd by, slik som til dømes Dodoma i Tanzania og Brasilia i Brasil, som også er nybygde hovudstader lagt tilnærma midt i landet. Hovudstaden er delt inn i åtte soner, kvart tileigna eit eige felt: Administrasjon, bustader, diplomatiet, handel, industri, utdanning, i tillegg til eit grønt belte og ein nasjonalpark. Byen er prega av grøntområde, låge hus og ei rekke prangande bustader for dei rike og mektige. Mange pakistanarar frå mellom- og underklassen har ikkje råd til å bu i byen, men bur eit godt stykke unna, i nabobyen Rawalpindi, eller i telt i nokre av grøntområda.[1],[2]
Fleire monumentalbygg prøver å sameina muslimsk tradisjon med det moderne, som i den digre og modernistisk utforma Faisalmoskeen, eller i skyskraparen Saudi-Pak Tower, som er dekorert med blå fliser i muslimsk tradisjon. Andre viktige bygg er Quaid-i-Azam-universitetet, høgsterettsbygningen og presidentbustaden Aiwan-e-Sadr.
Klima [endre]
Byen ligg ved kanten av Pothohar-platået, sør for Margalla-fjella. Han har varme somrar med temperaturar på opptil 45 °C i juni, og kalde vintrar med minimumstemperaturar ned i -4 °C i januar. Han får monsunregn i juli og august, og kan få noko sludd og snø om vinteren.
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- ↑ Mark Davies for BBC: «Life goes on in Islamabad» (Tuesday, 28 May, 2002)
- ↑ Ghalia Aymen: «Renting a house in islamabad, is almost imposible!!» (blogg, August 17, 2006)