Panjab i Pakistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Panjab, Punjab, پنجاب
Geografisk plassering

Delstat i Pakistan

Hovudstad Lahore
Flatevidd

 - Rangering i Pakistan

205 344 km²

19th.

Folketal (2000)

 - Rangering i Pakistan
 - Folketettleik

79 429 701

15th.
387/km²

Grunnlagd 1. juli 1970
Offisielle språk panjabi (lokalspråk), urdu (nasjonalspråk)
Guvernør
Øvste minister
Chaudhary Muhammad Sarwar
Mian Shahbaz Sharif
Nettstad www.punjab.gov.pk

Panjab er den folkerikaste og andre største av dei fire regionane som utgjer Pakistan. Provinsen utgjer størsteparten av det tidlegare riket Panjab, den andre delen høyrer til India. Provinsen grensar til Sindh i sør, Balochistan og Khyber Pakhtunkhwa i vest, Asad Jammu og Kashmir og Islamabad i nord, og dei indiske delstatane Panjab og Rajasthan i aust. Dei største språka er panjabi, urdu og saraiki.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Viktige byar i provinsen er Bahwalpur, Faisalabad, Gujranwala, provinshovudstad og største by Lahore, Multan, Rawalpindi, Rabwah, Sialkot og Taxila.

Dei fem elvane som har gjeve namn til Panjab, Beas Ravi, Chenab, Sutlej og Jhelum som renn saman til storelva Indus, gjev grunnlaget for eit fruktbart område som er storprodusent av kveite og bomull.

Panjab har likevel eit tørt klima, og her finn ein ørkenane Thar og Cholistan.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Over 99 % av innbyggjarane i pakistansk Panjab er muslimar, dei fleste sunni. Sufisme står sterkt her. Området har også små grupper parsarar, bahaiar, kristne, sikhar og hinduar. I provinsen finst fleire viktige stader for sikhane, mellom anna fødestaden til religionsstiftaren Guru Nanak, i Nankana Sahib.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]