Laon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laon
Den øvre delen av Laon
Den øvre delen av Laon
Byvåpenet til Laon
Byvåpenet til Laon
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Picardie
Aisne
Geografi
Flatevidd
 - By

42,00 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

26 265
  625/km²
Koordinatar 49°33′50″N 03°37′28″EKoordinatar: 49°33′50″N 03°37′28″E
Høgd over havet 83 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-laon.fr

Laon er ein by og kommune i Frankrike, og préfecture (administrasjonsstad) i departementet Aisne. Byen har om lag 25 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det åslendte området rundt Laon har alltid vore strategisk viktig. Rundt tida til Julius Cæsar låg det ein gallisk landsby her. Romarane erobra staden, bygde festningsverk, og klarte å motstå invasjonar frå frankarar, burgundarar, vandalar, alanarar og hunarar. På denne tida vart han kalla Alaudanum eller Lugdunum Clavatum.

Byen vart eit bispedøme på 400-talet, oppretta av den innfødde St. Remigius, erkebiskopen som døypte Klodvig I.

Tidleg på 1100-talet, medan biskopen var ute på reise, prøvde innbyggjarane i byen å få kommunestatus, men biskopen kjøpte ei oppheving av dette av den franske kongen. Dette førte til opprør i byen, der bispepalasset vart sett i brann og biskopen og fleire av mennene hans vart drepen. Brann spreidde seg til domkyrkja som brann heilt ned.

Fram til 1331 var byen meir eller mindre fri, før kommunestatusen igjen vart avskaffa. Under Hundreårskrigen vart byen erobra av burgundarane, som gav han opp til engelskmenna, før han vart teke tilbake av Frankrike etter Karl VII kom til makta.

Under felttoget i 1814 prøvde Napoleon forgjeves å drive bort von Blücher frå byen under slaget ved Laon.

I 1870 sprengde ein ingeniør opp eit kruttlager ved festninga idet tyske troppar gjekk inn i byen. Mange liv gjekk tapt, og katedralen og det gamle bispepalasset vart øydelagd. Under den franske revolusjonen mista Laon statusen som bispedøme.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Laon